Colours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Colours
Singel av Donovan
frå albumet Fairytale
B-side

«To Sing for You» (UK)
«Josie» (USA)

Innspelt 1965
Sjanger Folk
Lengd 2:44
Selskap Pye 7N15866 (UK)
Hickory 45-1324 (USA)
Låtskrivar(ar) Donovan Leitch
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Britisk Donovan-kronologi 
«Catch the Wind»
(1965)
Colours «Turquoise»
(1965)
Amerikansk Donovan-kronologi
«Catch the Wind»
(1965)
Colours «Universal Soldier»
(1965)


«Colours» er ein song skriven og innspelt av den skotske visesongaren Donovan. Singelen vart gjeven ut i Storbritannia 28. mai 1965 på Pye Records og nokre månader seinare i USA via Hickory Records. På B-sida var «To Sing for You» (frå What's Bin Did and What's Bin Hid) i Storbritannia og «Josie» (frå What's Bin Did and What's Bin Hid) i USA.

Donovan følgde opp suksessen med «Catch the Wind» med «Colours», som var i ein liknande vise-stil. Singelen vart like populær som «Catch the Wind» i Storbritannia og nådde 4. plass. I USA nådde singelen berre 61. plass, lågare enn «Catch the Wind». Ein annan miks av songen (utan munnspel) vart gjeven ut på det andre albumet hans Fairytale.

Epic Records samla Donovan's Greatest Hits, klarte dei anten ikkje eller ønskte ikkje å sikre seg rettane til den originale innspelinga av «Catch the Wind» og «Colours». Donovan spelte då inn begge på ny med fullt akkompagnement, og desse vart så gjevne ut på samlealbumet.

Ein duett med Joan Baez frå Newport Folk Festival i 1965 finst på samleplata Folk Music at Newport, Part 1 frå 1995. Baez spelte òg inn ein versjon av songen på albumet hennar Farewell, Angelina i 1965.

I 1968 lagde låtskrivaren Van Dyke Parks ein (laus) instrumental versjon av songen kalla «Donovan's Colours» som vart gjeven ut som singel (tilskriven George Washington Brown) og på det første albumet til Park, Song Cycle. Denne versjonen nyttar same akkordprogressjon, men har eit ragtime-arrangement.

Songen vart nytta i filmane Poor Cow og The Rules of Attraction, samt i fleire reklamefilmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]