Coltan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit stykke columbitt-tantalitt, storleik 6.0 x 2.5 x 2.1 cm

Coltan er eit handelsnamn for tantalhaldige mineral i tantalitt- og columbittgruppa. Det metalliske grunnstoffet tantal blir brukt i produksjonen av mikrochips (brikker) og vart på slutten av 1990-åra sterkt etterspurt i samband med utviklinga av ny teknologi for bruk i mobiltelefoni og i Playstation 2. På verdsmarknaden har kiloprisen på tantal auka til meir enn 4000 kr i 2001. Australia, Brasil og Canada er dei største produsentane i verda av tantal. Utvinning av coltan i Kongo har fått stor merksemd, mellom anna fordi han skal truge verna dyrearter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Coltan». Store norske leksikon. 17. mars 2009. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Coltan