Comandante Ferraz-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°5′11″ S 58°23′36″ W
Comandante Ferraz-basen
stasjon
none
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad King George Island
 - koordinatar 62°5′11″ S 58°23′36″ W
Grunnlagd 6. februar 1984
Administrert under Antarktistraktaten
Comandante Ferraz-basen is located in Antarktis
Comandante Ferraz-basen (Antarktis)

Comandante Ferraz-basen (portugisisk Estação Antártica Comandante Ferraz) er ein permanent antarktisk forskingsstasjon kalla opp etter offiseren i den brasilianske marinen, Luís Antônio de Carvalho Ferraz, som vitja Antarktis mange gonger med britiske forskarar og overtydde regjeringa si om å opprette eit eige brasiliansk forskingsprosjekt i Antarktis.

Basen ligg i Admiralty BayKing George Island, nær tuppen av Den antarktiske halvøya, 130 km frå Sør-Amerika. Stasjon kom i drift frå 6. februar 1984 og består av modular ført til Antarktis med skipet «Barão de Teffé» (H-42 og fleire andre brasiliansk marineskip. Han kan huse opp til kring 60 personar, inkludert forskarar, teknikarar og støttepersonell, militære og sivile.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Comandante Ferraz-basen vart bygd på same stad som den gamle britiske «Base G»,[1] og dei forvitra trestrukturane frå den gamle basen står i sterk kontrast til dei lysegrøne og oransje metalliske strukturane i den brasilianske basen. Oppom basen ligg ein liten gravplass med fem krossar. Fire av dei er til minne om britar frå British Antarctic Survey (BAS), mellom anna ein baseleiar som forsvann på sjøen, og ein brasiliansk radiotelegrafist som døydde av hjarteattakk i 1990.

Forskarar fotograferte stasjonen i brann i 2012.

Den 25. februar 2012 vart det brann i maskinrommet som husar generatorane til stasjonen, og 70% av stasjonen vart øydelagd i brannen.[2] To brasilianske soldatar mista livet i brannen, medan ein tredje vart skadd.[3] Det tok kring to år bygge stasjonen opp att.[4]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sidan alle månadane av året har ein middeltemperatur under 10 °C, har Comandante Ferraz-stasjonen eit tundra-klima (Köppen ET). Årsmiddeltemperaturen på stasjonen er kring -2,8°C.

Klimadata for Comandante Ferraz Station
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 4.3 4.2 3.3 1.0 -0.5 -2.5 -3.3 -2.5 -1.0 0.2 2.1 3.4 0,7
Døgnmiddeltemp. °C 2.2 2.2 1.1 -1.5 -3.1 -5.4 -6.4 -5.3 -3.7 -2.0 -0.2 1.2 -1,7
Normal min. temp. °C 0.4 0.4 -1.0 -3.7 -5.6 -8.1 -9.7 -8.2 -6.5 -4.1 -2.1 -0.6 -4,0
Kjelde: CPTEC/INPE[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Comandante Ferraz-basen