Come Together

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Come Together
Singel av The Beatles
frå albumet Abbey Road
A-side

«Something» (dobbel A-side)

Språk engelsk
Utgjeve 6. oktober 1969
Innspelt 21–30. juli 1969,
EMI Studios, London
Sjanger Bluesrock[1]
Lengd 4:18
Selskap Apple
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«The Ballad of John and Yoko»
(1969)
Come Together «Let It Be»
(1970)


Here come ol' flat-top, he come groovin' up slowly
He got juju eyeball, he one holy rollah …

John Lennon

«Come Together» er ein song av The Beatles hovudsakleg skriven av John Lennon[2] og tilskriven Lennon/McCartney. Songen startar albumet Abbey Road frå 1969. I oktober 1969, ein månad etter albumet kom ut, vart songen gjeve ut som ei dobbel A-side i lag med George Harrison sin «Something». Songen nådde toppen av singellista i USA, men vart berre ein Topp 10-hit i Storbritannia. I Noreg kom singelen seg aldri opp på førsteplassen, men låg sju veker på andreplass, heile tida bak «Sugar Sugar» av The Archies.

«Come Together» var hovudsakleg skriven av John Lennon, men Paul McCartney gav sine bidrag til han, mellom anna senka han tempoet og skreiv det innovative bass-riffet.

Bakgrunnen for songen var at Lennon skreiv ein song for den mislukka kampanjen til Timothy Leary for å verte vald som guvernør i California mot Ronald Reagan. Kampanjen enda brått då Leary vart arrestert med narkotika. Lennon endra då songen til ein song med små sleivspark rettet mot McCartney og Harrison, blanda saman med forteljingar om den politisk-kulturelle bagism-kampanjen han førte saman med kona si Yoko Ono.

«Come Together» førte òg til trugslar om søksmål mot Lennon frå musikkforleggeren til Chuck Berry, Morris Levy, sidan den første tekstlinja syntes å etterlikne ei tekstlinje frå songen «You Can't Catch Me», som Chuck Berry hadde skrive:

Here come a flat-top, he was movin' up with me
Then come wavin' goodbye a little' old souped-up jitney

Det kom til forlik mellom Lennon og Levy som heldt saka utanfor rettssystemet og som innebar at Lennon forplikta seg til å spele inn nokre songar eigd av Levy, noko som ville gje Levy inntekter frå platesalet og komponistrettane. Forliket vart oppfylt med albumet Rock 'n' Roll som kom i 1975, der Lennon forutan å spele ein versjon av «You Can't Catch Me», òg gjer ein versjon av Berry sin «Sweet Little Sixteen».

Songen vart innspelt 21.-23., 25., 29. og 30 juli 1969

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[3]

Ander utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom andre Aerosmith, Eurythmics, Tina Turner, Michael Jackson, Axl Rose og Bruce Springsteen, Robin Williams og Bobby McFerrin, Sugababes, Elton John, Craig David, The Supremes, Diana Ross, Tom Jones, The Brothers Johnson, Marilyn Manson og Joe Cocker

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Freeman, Phil (2007). Marooned: The Next Generation of Desert Island Discs. Da Capo Press. ISBN 978-0-306-81485-3. «It's a surface-heavy blues-rock tune, flanging and wailing away…» 
  2. David Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. s. 201. ISBN 0-312-25464-4. 
  3. MacDonald 2005, s. 355.