Commentarii de Bello Gallico
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Commentarii de Bello Gallico (Oppteikningar frå gallarkrigane), stundom berre De Bello Gallico, er eit verk på åtte bøker om krigane i Gallia mellom 50 fvt og 58 fvt. Dei sju fyrste bøkene er skrivne av Julius Cæsar, den åttande av Aulus Hirtius etter at Cæsar var dåen.
Bøkene har vore lovpriste for ei klår, rein latinsk språkføring, og har ofte vore dei første verkelege tekstane latinstudentar har gjeve seg i kast med. Dei er òg verdifulle for skildringane dei gjev av Gallia og gallarar.