Communication Breakdown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Communication Breakdown
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
A-side

«Good Times Bad Times»

Språk engelsk
Utgjeve 12. januar 1969
Innspelt Oktober 1968 i Olympic Studios i London
Sjanger Heavy metal, hardrock, protopunk[1][2]
Lengd 2:28
Selskap Atlantic
Komponist John Paul Jones, John Bonham, Jimmy Page, Robert Plant
Tekstforfattar Jimmy Page, John Paul Jones, John Bonham, Robert Plant
Låtskrivar(ar) Bonham/Jones/Page
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
Communication Breakdown «Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)»
(1969)


«Communication Breakdown» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå debutalbumet deira Led Zeppelin frå 1969.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Det hamrande gitarriffet vart spelt av Page gjennom ein liten Supro-forsterkar, og han køyrte Fender Telecasteren sin gjennom ein lukka Vox wah-wah-pedal for å skape ein «gitar i ein skoboks»-stil på soloen. «Communication Breakdown» er òg ein av få songar der Page song korvokal.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart mykje spela på konsertane til Led Zeppelin, og er den einaste songen som er spela på kvar einaste turne av bandet. Han vart vanlegvis anten spela som første song eller som eit ekstranummer.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I USa vart songen gjeven ut som B-side til singelen «Good Times Bad Times».

Led Zeppelin BBC Sessions frå 1997 var songen med tre gonger, kvar gong med ei forskjellige improvisering av musikarane. To live-innspelingar for fjernsynsprogrammet Tous En Scene i Paris i 1969 og i the Royal Albert Hall i 1970 finst på Led Zeppelin DVD. «Communication Breakdown» er ein av få Zeppelin-songar som bandet gjorde ein video for. Denne finst òg på Led Zeppelin DVD.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bassist i Dictators, Andy Shernoff har sagt at det raske gitarriffet på –Communication Breakdown var ein inspirasjon for stilen til The Ramones-gitarist Johnny Ramone.[3] Ramone sa i dokumentaren "Ramones:The True Story" at han øvde på denne stilen med å spele denne songen om att og om att.[4]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greg Kot. Led Zeppelin: Album Guide Arkivert 2010-12-11 ved Wayback Machine.. Rolling Stone.
  2. Barney Hoskyns (2006), Led Zeppelin IV: Rock of Ages, Rodale, Inc., ISBN 1-5948-6370-9.
  3. Everett, True, Hey Ho Let's Go: The Story of The Ramones (2002): 13
  4. Ramones:The True Story. Classic Rock Legends. B000CRSF6W. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]