Communist Party of Great Britain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Storbritannias kommunistiske parti, Communist Party of Great Britain CPGB, var eit kommunistisk politisk parti i Storbritannia frå 1920 til 1991. Det finst ei gruppe som kallar seg CPGB i dag òg, men denne har ikkje noko med det opphavlege CPGB å gjere.

Partiet vart skipa i 1920 da fleire mindre marxistiske parti gjekk saman etter oppmoding frå den Tredje Internasjonalen (Komintern). Det reid på den kortvarige bølgja av radikalisme i Storbritannia etter første verdskrigen og den russiske revolusjonen. Ein av dei leiande personlegdomane i partiet heilt frå starten var Harry Pollitt.

Fleire spørsmål var sterkt omstridde mellom dei som skipa partiet, mellom anna om partiet skulle stille til val, og om tilhøvet til Det britiske arbeidarpartiet, Labour Party. Sjølvaste Lenin tok opp desse spørsmåla i boka Venstrekommunismen, ein barnesjukdom. Avgjerda vart at partiet stilte til val, og gjekk inn for kollektiv tilslutning til Labour, som i stor grad bygde på kollektive medlemskap av fagforeiningar og individbaserte parti i partiet, som til dømes Independent Labour Party ILP. Men Labour nekta kommunistane kollektivt medlemskap.

Rett før generalstreiken i 1926 vart mesteparten av partileiinga i CPGB arrestert og fengsla, men trass i det stod medlemmene i partiet i brodden under generalstreiken og den samtidige og meir langvarige gruvearbeidarstreiken. Medlemstalet i partiet auka derfor monaleg i gruveområda i 1926 og 1927. Her slo partiet røter som varte i mange tiår, ja heilt til partiet vart oppløyst somme stader. CPGB klarte å danne eit lag av ihuga aktivistar, men oppslutninga var avgrensa til visse område, som gruveområda, visse industribyar som Glasgow og delar av aust-London der det òg budde ein god del jødiske arbeidarar.

Denne basisen vart trua under den ekstremistiske politikken Stalin-regimet fekk Komintern til å slå inn på i 1929, da sosialdemokratane i nokre år vart sedde på som «sosialfascistar», og partiet prøvde å opprette eigne fagforeiningar. Dette var ein fiasko. Berre éin kampanje partiet starta i denne perioden var vellykka. Det var skipinga av National Unemployed Workers' Movement, som leidde store demonstrasjonar mot massearbeidsløysa under depresjonen og var aktiv på heile 1930-talet.

Etter Hitler hadde komme til makta i Tyskland, slo Komintern etter kvart om til den såkalla Folkefrontpolitikken. Den gjekk på at fascismen og nazismen var hovudfaren for heile arbeidarrørsla og at kommunistane derfor måtte arbeide for eit samarbeid av alle anti-fascistiske krefter, ikkje berre med sosialdemokratane men òg borgarlege krefter. CPGB prøvde no å få i stand ein allianse med Labour.

Denne politikken var meir populær, og i 1935 fekk partiet valt sin første parlamentsmedlem på eiga kommunistisk liste, William Gallagher frå West Fife i Skottland, eit kolgruveområde der partiet hadde stor støtte. Dei kommunistane som før hadde sete i parlamentet, hadde vore valde på Labour-lister.

Gjennom 30-talet kjempa kommunistpartiet mot den ettergivande appeasementpolitikken som dei konservative regjeringane førte overfor det fascistiske Italia og det nazistiske Tyskland. På gatene spela kommunistane ei leiande rolle i kampen mot British Union of Fascists, leidd av Sir Oswald Mosley, som laga til anti-semittiske aksjonar i London og andre byar.

Da andre verdskrigen braut ut, følgde fleirtalet i leiinga av CPGB den ekstremistiske lina som da plutseleg gjaldt etter enda eitt av Stalin sine krumspring, om at dette var arbeiderklassen uvedkommande. Dette møtte sterk opposisjon innetter i partiet, der Harry Pollitt trekte seg frå partileiinga i protest. Men frå åtaket på Sovjetunionen i 1941 snudde partiet, og Pollitt vart generalsekretær på ny. Støtta til krigen var frå no svært sterk, og partiet kravde tidleg oppretting av Den andre fronten i Vest-Europa i den lange perioden da Austfronten var den einaste. Dei gjekk imot streikar, arbeidde for auka produktivitet og støtta den nasjonale samlingsregjeringa under Winston Churchill (Conservative) og Clement Attlee (Labour).

CPGB nådde høgda av oppslutninga si i 1945, da dei fekk over eitt hundre tusen stemmer og to parlamentsmedlemmer, Gallacher frå Skottland og Phil Piratin frå Mile End i aust-London. Med ei meir rettferdig valordning enn den britiske «Winner takes all»-ordninga ville talet på representantar sjølvsagt vore høgare. Medlemstalet nådde høgda i 1943, med cirka 60 000. Samanlikna med somme andre europeiske land er dette likevel lite, da Det franske kommunistpartiet rett etter krigen hadde 800 000 medlemmer, og Det italienske kommunistpartiet 1,7 millionar.

Den kalde krigen ramma dei britiske kommunistane hardt. Dei mista parlamentsrepresentatsjonen i etter valet i 1950, og måtte omvurdere politikken sin. Dette skjedde i 1953, da partiet vedtok eit historisk program kalla The British Road to Socialism (BRS), som i klare ordelag går inn for ein fredeleg og gradvis overgang til sosialisme, eit såkalla reformistisk program. BRS-programmet skulle bli verande CPGB sitt program til partiet vart oppløyst, berre med visse revideringar i form, og det er framleis prinsipprogrammet til det noverande Communist Party of Britain CPB, som hevdar å ha politisk kontinuitet med CPGB.

Frå krigstida til om lag 1956 hadde kommunistpartiet sin største innverknad i arbeidarrørsla, med mange tillitsvalde i fagrørsla som medlemmer, særleg i gruvearbeidarforbundet og blant industriarbeidarane. Partiet hadde òg ein viss indirekte innverknad på venstresida i Labour.

Hendingane i 1956 fekk store verknader på mange kommunistparti, også det britiske. Både Nikita Khrusjtsjov si avsløring av Stalin-tida og særleg knusinga av den nasjonale oppstanden i Ungarn gjorde at medlemstalet gjekk kraftig ned.

Etter dette fungerte partiet mest som ei pressgruppe overfor Labour, først og fremst via posisjonen kommunistane framleis hadde i fagrørsla. Partiavisa Daily Worker skifta namn til Morning Star, som framleis finst, men no er formelt uavhengig av noko parti (Morning Star si nettutgåve finn du her: [1]). Dei indre motsetningane i partiet auka, mellom reformkommunistar som ville vere sjølvstendige i høve Moskva og meir tradisjonelle kommunistar. Maoismen fekk derimot lite støtte i CPGB.

I 1968 kritiserte CPGB ope den sovjetiske intervensjonen i Tsjekkoslovakia, og reformkommunistane dreia i retning den den uavhengige og demokratiske «eurokommunismen» i Italia og Spania. I 1977 braut nokre tradisjonalistar ut og skipa New Communist Party of Britain. Reformkommunistane i partiet gav på si side ut tidsskriftet Marxism Today, som fekk ein relativt stor innverknad, og lesarar også utanfor partiet. I 1988 braut resten av dei meir tradisjonelle kommunistane ut, og skipa førnemnde Communist Party of Britain CPB. I 1991 vedtok leiinga av rest-CPGB å oppløyse partiet. Det er i dag CPB som blir sett som etterfølgjaren til CPGB, og dette partiet har den juridiske eineretten til å kalle seg Det kommunistiske partiet i England, Skottland og Wales.

Nettstaden til CPB finn du her: [2]