Como

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Como
Como II.JPG
Plassering
Como is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Como
Borgarmeister Stefano Bruni
Geografi
Flatevidd
 - By

37 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

83 016
  2117/km²
Koordinatar 45°49′″N 9°5′″EKoordinatar: 45°49′″N 9°5′″E
Høgd over havet 201 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 22100
Telefon-retningsnummer 0 31
Nettstad: www.comune.como.it

Como (Comm på ein lokal dialekt av lombardisk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Como i regionen Lombardia og har om lag 85 000 innbyggjarar. Byen ligg ved den sørvestlege armen av Comosjøen, om lag 45 km nord for Milano og ikkje langt frå den sveitsiske kantonen Ticino.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Comosjøen

Åsane rundt Como har vore busett sidan førhistorisk tid, minst sidan bronsealderen. Restar av busetnadane er framleis synleg i dei skogkledde åsane sørvest for byen. Folket som haldt til i dette området vart kalla orbiar, ei keltisk stamme.

Rundt det 1. hundreåret fvt. vart området underlagt romarane. Det første sentrumet låg i dei nærliggande åsane, men vart så flytta til dagens plassering etter ordre frå Julius Cæsar, som fekk drenert myra ved sørenden av innsjøen slik at byen kunne byggast på sletta der. Han vart bygd med bymurar og ein byplan med vinkelrette gater. Den nyoppretta byen fekk namnet Novum Comum og hadde status som municipium (kommune).

I 774 vart byen erobra av frankarar leia av Karl den store og vart så eit senter for handel.

I 1227 tapte Como ein tiårlang krig mot den nærliggande byen Milano. Eit par tiår seinare tok innbyggjarane i Como hemn med hjelp av Fredrik Barbarossa og slo Milano i 1162. Fredrik bygde fleire forsvarstårn rundt byen, og eit av desse, Baradello, står framleis i dag.

Domkyrkja i Como

Frå den tid følgjer Como historia til Ducato di Milano og fram til den franske invasjonen og så det spanske styret fram til 1714, då området vart erobra av austerrikarane. Napoleon gjekk inn i Lombardia i 1796 og styrte her fram til 1815 då austerrikarane tok tilbake styret etter Wienerkongressen. I 1859 kom Giuseppe Garibaldi til byen og frigjorde han frå austerrikarane. Como kom så under det nye Kongedømet Italia under Huset Savoie.

Mot slutten av den andre verdskrigen vart Mussolini tatt til fange på veg gjennom Como mot Sveits og så skoten av partisanar frå Como i Giulino di Mezzegra, ein liten by på nordsida av Comosjøen.

Folk frå Como[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Como

Kjelder[endre | endre wikiteksten]