Compiègne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Compiègne
Compiegne from the UTC.jpg
Byvåpenet til Compiègne
Byvåpenet til Compiègne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Picardie
Oise
Geografi
Flatevidd
 - By

53,10 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

41 254
  777/km²
Koordinatar 49°25′″N 02°49′″EKoordinatar: 49°25′″N 02°49′″E
Høgd over havet 41 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 60200
Heimeside: www.mairie-compiegne.fr

Compiègne er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Oise i regionen Picardie, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Oise. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Compiégnois.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 665 konsekrerte St. Wilfrid Biskopen av York her. I februar 888 vart Odo, greve av Paris og kongen av frankarane krona i Compiègne. 23. mai 1430, under hundreårskrigen vart Jeanne d'Arc fanga av burgundarar, medan ho prøvde frigje Compiègne. Dei selde ho så til engelskmenna. I 1630 prøvde Marie de' Medici å sei opp Kardinal Richelieu, noko som førte ho i eksil til Compiègne og vidare til Brussel i 1631.

I 1918 vart våpenkvileavtalen som førte til slutten på den første verdskrigen signert i Rethondes nær Compiègne. I 1940 vart ein annan våpenkvileavtale signert mellom Nazi-Tyskland og Frankrike i Rethondes, same stad som i 1918, i same jernbanevogn.

I 1968 vart startpunktet i sykkelløpet Paris-Roubaix flytta frå Paris til Compiègne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Compiègne