Computer World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Computer World
Studioalbum av Kraftwerk
Utgjeve Mai 1981
Innspelt 1979–1981 ved Kling Klang Studio i Düsseldorf i Tyskland
Sjanger Elektronisk
Lengd 34:21
Selskap Kling Klang
EMI
Warner Bros.
Produsent Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi
Die Mensch-Maschine
(1978)
Computer World Electric Café / Techno Pop
(1986)
Singlar frå Computer World
  1. «Computer Love» med B-sida «The Model»
    Utgjeve: 7/1981, EMI 5207 (UK)
  2. «Pocket Calculator» med B-sida «Dentaku»
    Utgjeve: 5/1981, EMI 5175 (UK)
  3. «Taschenrechner» med B-sida «Dentaku»
    Utgjeve: 1981 Kling Klang 1C00646365
  4. «Computerwelt 1 (Special Mix)» med B-sida «Nummern»; «Computerwelt 2»
    Utgjeve: 1982, 12», Kling Klang 1CK062-46379Z
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert Christgau B[2]
Mojo 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Uncut 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Sputnikmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[5]
Q 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Drowned in Sound 10/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]

Computer World (tysk versjon Computerwelt) er det åttande studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, som kom ut i mai 1981. Albumet omhandlar tema som omfattar korleis datamaskinar gradvis kom inn i samfunnet. Kritikarar reknar dette albumet som eit høgdepunkt i karrieren til Kraftwerk, i lag med Die Mensch-Maschine og Trans-Europe Express. Songane er skrivne av Ralf Hütter, Florian Schneider og Karl Bartos.

I tråd med konseptet på albumet synte Kraftwerk musikken sin på ein ambisiøs verdsturn og gav ut fleire versjonar av singelen «Pocket Calculator» på forskjellige språk: nemleg tysk («Taschenrechner»), fransk («Mini Calculateur») og japansk («Dentaku» eller 電卓). Ein femte versjon på italiensk («Mini Calcolatore»), vart mima til på italiensk fjernsyn i 1981.[8]

Som med dei to førre albuma vart Computer World gjeve ut både på tysk og engelsk. Tittelen på den siste songen er på engelsk på begge versjonar og er ordspel på slagordet «It's more fun to compete!» som ein kunne sjå på gamle pinballmaskinar. Det finst òg nokre mindre skilnader i miksane som er nytta på den engelske og den tyske versjonen av albumet.

Songen «Computer Love» vart gjeven ut som singel i Storbritannia i juli 1981 med «The Model» som B-sida, frå det førre albumet til bandet, Die Mensch-Maschine. Singelen nådde 36. plass på lista. I desember 1981 vart dei to songane gjevne ut som ei dobbel A-side på ein 12-tommarsingel, og nådde førsteplassen på den britiske poplista i februar 1982. Det var då derimot «The Model» som vart mest spelt på radio.

«Computerwelt» vart miksa i 1982 som ein dance-versjon med ekstra bass og perkusjon. Han vart gjeven ut i januar 1982 som ein 12-tommarssingel berre i Tyskland. Den originale songen fekk ein Grammypris i kategorien beste instrumentale rockelåt.[9] «Computer World» vart òg nytta av BBC som kjenningsmelodi for det britiske dataopplærings-showet The Computer Programme.

Pitchfork Media sette Computer World på 44. plass på lista deira over dei beste albuma i 1980-åra. Slant Magazine sette albumet på 25. plass på ei tilsvarande liste.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Karl Bartos, Ralf Hütter og Florian Schneider, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Computer World»   Karl Bartos, Ralf Hütter, Florian Schneider, Emil Schult 5:05
2. «Pocket Calculator» (Taschenrechner) Bartos, Hütter, Schult 4:55
3. «Numbers» (Nummern)   3:19
4. «Computer World, Part 2» (Computerwelt 2)   3:21
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Computer Love» (Computerliebe) Bartos, Hütter, Schult 7:15
6. «Home Computer» (Heimcomputer)   6:17
7. «It's More Fun to Compute»     4:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ralf Hütter — song, vocoder, synthesizer, orchestron, synthanorma sequenzer, klaverinstrument, electronics, produsent
  • Florian Schneider — vocoder, talesynthesizer, synthesizer, electronics, produsent
  • Karl Bartos — elektronisk perkusjon
  • Wolfgang Flür er rekna med som musikarar, men det er uklårt kva rolle han hadde.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raggett, Ned (2011 [last update]). «Computer World - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/computer-world-r617126. Henta 24. mars 2013. 
  2. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: Kraftwerk». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=762&name=Kraftwerk. Henta 24. mars 2013. 
  3. Snow, Mat (November 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  4. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk - Reissues». Uncut. http://www.uncut.co.uk/music/kraftwerk/reviews/13709. Henta 28. mars 2013. 
  5. http://www.sputnikmusic.com/review/1842/Kraftwerk-Computer-World/
  6. Q (5/95, s.123) - 5 Stars - Indispensable - «...their best LP to date. A celebration/valediction of information technology, it flickers with hooks..."
  7. Power, Chris (2011 [last update]). «Kraftwerk - Computer World: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». drownedinsound.com. http://drownedinsound.com/releases/14742/reviews/4138139. Henta 24. mars 2013. 
  8. «Mini Calcolatore» on «Discoring"
  9. Rubiner. Julia. «Contemporary Musicians: Profiles of the People in Music ". Gale, 1993.
  10. http://www.slantmagazine.com/music/feature/best-albums-of-the-1980s/308/page_8
  11. (2009) Plateomslagstekst for {{{title}}} avKraftwerk [CD]. Great Britain: Mute/EMI Records (CDSTUMM307).