Conchobar mac Nessa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Conchobar mac Nessa eller Conor mac Nessa var ein segngjeten irsk konge, som er mykje omtala i Ulster-segnkrinsen.

Conchobar var son av Fachtna, kongen i Ulster, og Nessa, dotter av Echid med den gule hælen. Fachtna var son av Ross den raude og Maga, som òg var bestemor av Cúchulainn. Då Fachtna døydde, vart Ulster styrd av halvbroren Fergus mac Roch, so lenge Conchobar var liten. Fergus ville gjerne ha Nessa til kone, men som vilkår bad Nessa han la Conchobar rå for riket eit år. Fergus gjekk inn på dette, og Conchobar vart konge. I denne tida rådde han så godt og dømde så vist at folket i Ulster ville ha han som konge for seg, og Fergus let han ha kongestolen.

Helten Cúchulainn var i teneste hjå Conchobar, og mykje av segnene om kongen er òg knytt til helten. Conchobar er mest framståande i segna om Deirdre og Usna-sønene. Her vert det fortald korleis kongen bela til Deirdre, og korleis ho vart hugteken av Naise, son av Usna. Forteljinga ber bod om at kongen på denne tida var noko gamalvoren, og korleis han jaga Usna-sønene ut av landet av di dei ville berge Deidre frå kongen. Forteljinga minnar i mangt om Tristan og Isolde.

Namnet til Conchobar lever att i fylket Connaught i Irland.