Conero
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Conero | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 572 moh |
| Ligg i/på | Marche i Italia |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Conero er eit nes i Italia like sør for byen Ancona ved Adriahavet.
Namnet Conero kjem frå det greske namnet Komaròs, som viser til jordbærtre som ein finn i fjellsida. Conero er 572 meter høg og er det høgaste punktet på Adriatarhavskysten mellom Venezia og Gargano i regionen Puglia.
Sidan 1987 har det vore ein nasjonalpark og verna økologisk område med 18 stiar og mange arkeologiske og historiske stader. Av dyreliv finn ein grevling, husmår, snømus, vandrefalk, isfugl og gråseglar. I tillegg til jordbærtre finn ein eik, steineik og aleppofuru.
Andre kommunar i nærleiken er Sirolo og Numana.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Monte Conero frå Engelsk Wikipedia .