Coney Island Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coney Island Baby
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve December 1975 (USA)
19. januar 1976 (Storbritannia)
Innspelt October 18–28, 1975
Studio Mediasound, New York City
Sjanger Rock
Lengd 35:15
Selskap RCA
Produsent Lou Reed, Godfrey Diamond
(Steve Katz bonus tracks 2, 4–6)
Lou Reed-kronologi 
Metal Machine Music
(1975)
Coney Island Baby Rock and Roll Heart
(1976)


Coney Island Baby er det sjette soloalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed, utgjeve i desember 1975 i USA og i januar 1976 i Storbritannia, på RCA Records.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Albumet har blitt skildra av Anthony DeCurtis som «kanskje det mest romantiske albumet i karrieren til Reed».[1] Mange av songane på albumet var inspirerte av og dedisert til kjærasten og musen til Reed på den tida, ei transkvinne kalla Rachel Humphreys.[2][3] I følgje Aidan Levy var Coney Island Baby «like mykje eit kjærleiksbrev til Rachel som det var til den nostalgiske Coney Island[4]

Tittelsporet på albumet referer direkte til Rachel i linja «I'd like to send this one out to Lou and Rachel, and all the kids at P.S. 192.»[5] «P.S. 192» syner til ein skule i Brooklyn i New York City, der Reed gjekk før han flytta til Long Island i New York.[6] I 1979 sa Reed «Å sei 'I'm a Coney Island baby' mot slutten av den songen er som å sei at eg ikkje har vika ein tomme. Og det skal du ikkje gløyme.»[7][8] Det er eit direkte framhald av diktet «The Coach and Glory of Love» publisert hausten 1971-utgåva av The Harvard Advocate.

Albumet inneheld songen «She's My Best Friend», ein versjon av ein song som opphavleg vart spelt inn av bandet til Reed, The Velvet Underground, i 1969, og som sidan kom ut på samlealbumet VU i 1985. 30-årsjubileumsutgåva av Coney Island Baby inneheld bonusspor med den tidlegare bandkollegaen til Reed i Velvet Underground, Doug Yule.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[9]
Blender2.5/5 stars[10]
Chicago Tribune3/4 stars[11]
Christgau's Record GuideB+[12]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[13]
The Guardian4/5 stars[14]
Pitchfork8.5/10[15]
Q4/5 stars[16]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[17]
Spin Alternative Record Guide7/10[18]

I ei melding for Rolling Stone i 1976 skreiv Paul Nelson «For dei åtte flotte songane på Coney Island Baby, samla Reed saman det beste bandet han har gjort sidan The Velvet Underground. Michael Suchorsky sitt allsidige, kontrollerte trommespel er særskild prisverdig, og Reed sjølv har til og med klart å gjenopplive sitt intense, individualistiske gitarspel frå slutten av sekstitalet. Enno betre er det han har skrinlagt den nylege FM-DJ-vokalstilen til fordel for sjølvsikker, uttrykksfull song. Songane i seg sjølv – like strukturerte og melodiske som noko anna Reed har skrive – er tidlaus, forrykande rock & roll, og styrken til sjangeren vert framheva av det enkle og logikken i den skarp, taktile produksjonen (av Reed og Godfrey Diamond) og forsiktige, ressurssterke arrangement som vektlegger både elektrisk og akustisk gitar og oppfinnsam korvokal.»[19]

I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) sa Robert Christgau at «Til å begynne med er det gledelig å konstatere at han prøver hardare, men det tar ikkje langt tid før den gamle lurvete keisamheita byrjar å stikke igjennom. Merkelig nok er det meste av dei billige tinga nær overflaten - songane høyrest varmare ut når du lyttar nært. Og ikkje ein gong i sine mest lyriske augneblink med The Velvets har han lete si mjuke side vise seg så nakent som ho gjør på tittelkuttet.»[12]

I Rock: The Rough Guide (1996) skreiv Roy Edroso om Reed og trekte fram Coney Island Baby som «det mest behagelege softrockalbumet til Reed» og «Hans sans for humor har aldri vore betre enn på 'A Gift', og tittelsporet minner deg om kvifor Jonathan Richman idoliserte Reed: kven ellers ville ha vore så frekk å prøve å finne 'the glory of love' i draumeria til ein uroleg komande fotballspelar på vidaregåande skule (i doo-wop-stil, ikkje mindre)?».[20]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Crazy Feeling»2:56
2.«Charley's Girl»2:36
3.«She's My Best Friend»6:00
4.«Kicks»6:06
Side to
Nr.TittelLengd
5.«A Gift»3:47
6.«Ooohhh Baby»3:45
7.«Nobody's Business»3:41
8.«Coney Island Baby»6:36
Bonusspor på 30-årsutgåva
Nr.TittelLengd
9.«Nowhere at All»3:17
10.«Downtown Dirt»4:18
11.«Leave Me Alone»5:35
12.«Crazy Feeling»2:39
13.«She's My Best Friend»4:08
14.«Coney Island Baby»5:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Lou Reed – vokal, rytmegitar, piano
  • Bob Kulick – sologitar, slidegitar
  • Bruce Yaw – bassgitar
  • Michael Suchorsky – trommer, perkusjon
  • Joanne Vent, Michael Wendroff, Godfrey Diamond – korvokal
  • Doug Yule – bassgitar på bonusspor 2, 4–6, gitar på bonusspor 4–6
  • Bob Meday – trommer på bonusspor 2, 4–6
  • Michael Fonfara – klaverinstrument på bonusspor 2, 4–6

Teknisk

  • Geoffrey Diamond, Lou Reed, Michael Wendroff – miksing
  • José Rodriguez – innspeling
  • Acy Lehman – kunstnarisk leiar
  • Mick Rock – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste(1975/76) Plassering
Australia (Kent Music Report)[21] 25
Nederland 11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. DeCurtis, Anthony (10. oktober 2017). Lou Reed: A Life. New York: Little Brown. s. 180. ISBN 978-0-316-37654-9. 
  2. DeCurtis, Anthony (10. oktober 2017). Lou Reed: A Life. Little Brown. s. 180. ISBN 978-0-316-37654-9. 
  3. «Rachel: Lou Reed's transsexual muse». 6. februar 2013. 
  4. Levy, Aidan. Dirty Blvd.: The Life and Music of Lou Reed. Chicago Review Press, 2015
  5. Lou Reed. «Coney Island Baby». Coney Island Baby, RCA, 1976
  6. Business Insider – Lou Reed's Most Personal Song About New York Is Not The Same As His Best One 27th October 2013
  7. Interview with Rolling Stone's Mikal Gilmore in 1979. https://faroutmagazine.co.uk/lou-reed-performs-coney-island-baby-1984-video/
  8. Ref. the 'football coach' lyrics, for Reed's school life see Chapter 3 of Dirty Blvd.: The Life and Music of Lou Reed by Aidan Levy
  9. Deming, Mark. «Coney Island Baby – Lou Reed». AllMusic. Henta 4. april 2022. 
  10. Wolk, Douglas. «Lou Reed: Coney Island Baby». Blender. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 4. april 2022. 
  11. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 31. mars 2022. 
  12. 12,0 12,1 Christgau, Robert (1981). «R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  13. Larkin, Colin (2011). «Reed, Lou». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  14. Simpson, Dave (6. oktober 2006). «Lou Reed, Coney Island Baby». The Guardian. Henta 4. april 2022. 
  15. Berman, Stuart (9. oktober 2006). «Lou Reed: Coney Island Baby». Pitchfork. Henta 4. april 2022. 
  16. «Lou Reed: Coney Island Baby». Q (68): 103. May 1992. 
  17. Coleman, Mark (1992). «Lou Reed». I DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly. The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 582–84. ISBN 0-679-73729-4. 
  18. Strauss, Neil (1995). «Lou Reed». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 325–27. ISBN 0-679-75574-8. 
  19. Nelson, Paul (25. mars 1976). «Lou Reed: Coney Island Baby». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. april 2009. Henta 31. mars 2022. 
  20. Edroso, Roy (1996). «Lou Reed». I Buckley, Jonathan; Ellingham, Mark. Rock: The Rough Guide. Rough Guides. ISBN 1858282012. 
  21. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6.