Confederación Nacional del Trabajo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til CNT.

Confederación Nacional del Trabajo (CNT; Den nasjonale arbeidarkonføderasjonen) er ein spansk konføderasjon av anarkosyndikalistiske fagforeiningar. Dei høyrer til International Workers' Association. På kastiljansk: AIT - Asociación Internacional de los Trabajadores. Derfor ser ein gjerne initialane CNT og AIT saman på flagg og plakatar. (Sjå bilete).

Historisk sett var CNT òg forbunden med Federación Anarquista Ibérica (CNT-FAI).

CNT har gjennom heile soga si spela ei stor rolle i den spanske arbeidarrørsla.

CNT vart skipa i 1910 i Barcelona i Catalunya. Trass i at organisasjonen i fleire tiår var ulovleg i Spania, under Franco-diktaturet, held CNT i dag fram med å delta i den spanske arbeidarrørsla, og dei fokuserer på prinsippa om arbeidarsjølvstyre, føderalisme og gjensidig hjelp. Føderalisme betyr i denne samanhengen frivillig samarbeid av sjølvstyrte arbeidarkollektiv og kommunar.

Songen til CNT er sidan 1933 A las barricadas, ein spansk versjon av Warszawjanka.

CNT har vorte portrettert i nyare spansk film gjennom Vicente Aranda sin film Libertarias frå 1996, ein film som fokuserer på ei gruppe kvinnelege militssoldatar frå CNT ved Aragon-fronten under den spanske borgarkrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til CNT

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 16. desember 2008.