Congo av Genesis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Congo
Singel av Genesis
frå albumet Calling All Stations
B-side
  • «Papa He Said»
  • «Banjo Man»
Språk engelsk
Utgjeve 15. september 1997
Innspelt The Farm, Surrey
Sjanger Alternativ rock
Lengd 4:03 (singel)
4:51 (album)
Selskap Atlantic (USA & Canada)
Virgin Records (resten av verda)
Komponist Mike Rutherford, Tony Banks
Tekstforfattar Tony Banks
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Nick Davis
Genesis-kronologi 
«Tell Me Why»
(1993)
Congo «Shipwrecked»
(1997)


«Congo» er ein song av det engelske rockebandet Genesis frå 1997 på albumet ...Calling All Stations.... Singelen var debuten til Ray Wilson som solovokalist for bandet. Singelen vart ein hit i Europa.

Detaljar[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar ikkje om Kongo i Afrika, men om to personar som ikkje kjem overeins og ønskjer å halde så stor avstand til kvarandre som mogeleg. Musikalsk opnar songen med ein karibisk trommerytme medan ei afrikansk-likande stamme syng «Congo the Congo», før songen går inn i ei mørkare, gitarbasert melodi.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen, regissert av Howard Greenhalgh, nyttar mange industrialiserte bilete medan bandet spelar i eit skipsverft med slavearbeid som er sterkt vakta. Massive vasskanonar vert nytta til å kontrollere opprør og bandet vert ofte dusja i vatn gjennom videoen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-singel[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Congo» (edit)Tony Banks, Mike Rutherford4:03
2.«Papa He Said» (Non-Album Track)Banks, Rutherford4:07
3.«Banjo Man» (Non-Album Track)Banks, Rutherford, Ray Wilson4:20

Enhanced CD-singel[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Congo»Tony Banks, Mike Rutherford4:51
2.«Second Home by the Sea» (edited version)Collins, Banks, Rutherford4:54

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
UK Singles Chart[1] 29
Den austerrikske singellista[2] 35
Den tyske singellista[3] 31
Ungarn (Mahasz)[4] 5
Den sveitsiske singellista[5] 32
US Billboard Mainstream Rock Tracks[6] 25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Official Charts Company – Genesis – Congo». Henta 25. mars 2020. 
  2. «Genesis – Congo – austriancharts.at». Henta 25. mars 2020. 
  3. «Chartverfolgung / Genesis / Single». Music Line (på tysk). Tyskland: Media Control Charts. Arkivert frå originalen 23. juli 2013. Henta 25. mars 2020. 
  4. «Top 10 Hungary» (PDF). Music & Media. Henta 25. mars 2020. 
  5. «Genesis – Congo – hitparade.ch». Henta 25. mars 2020. 
  6. «allmusic – Genesis > Charts & Awards > Billboard Singles». Henta 25. mars 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]