Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Congratulations:
50 Years of the Eurovision Song Contest
Dato
Vertskap
Stad
Forum København
EuroDinamarca.svg København i Danmark
Kringkastar(ar)
EuroDinamarca.svg DR
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 2005 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Eurovision Song Contest 2006

Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest var eit fjernsynsprogram organisert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) for å feire 50-årsjubileet til Eurovision Song Contest og røyste fram det mest populære bidraget. Showet var halde laurdag 22. oktober 2005 i Forum København i København i Danmark. Namnet Congratulations kjem frå songen «Congratulations» som enda på andreplass i Eurovision Song Contest 1968.

Fjorten songar vart valt ut til å delteke. Songane vart valt ut av ein jury og frå ein meiningsmåling på Internett. 31 EBU-medlemsland kringkasta showet og fjernsynssjåarane og juryar frå desse landa kunne vere med på å røyste fram vinnaren. Showet vart ikkje kringkasta i Storbritannia, Italia og Frankrike. Det vart registrert om lag 2,5 millionar røyster.

Showet vart vunne den svenske gruppa ABBA med songen «Waterloo». Dei vann óg Eurovision Song Contest 1974 for Sverige.

I samband med arrangementet gav EBU ut to CD-er med Eurovision Song Contest-songar frå dei 50 føregåande åra. To DVD-er med originale Eurovision Song Contest-framføringar av desse songane vart óg utgjeve.

Val av arena og programleiarar[endre | endre wikiteksten]

I juni 2004 kunngjorde EBU at det ville verte halden eit show for å feire 50 årsjubileet til Eurovision Song Contest. Arrangementet skulle haldast 16. oktober 2005 i Royal Albert Hall i London. Det var den britiske kringkastaren BBC som skulle arrangere showet. Royal Albert Hall var truleg utilgjengeleg, så i august 2004 kunngjorde EBU at Danmarks Radio (DR) skulle arrangere showet i staden. Overoppsynsmannen til Eurovision Song Contest, Svante Stockselius, sa at Danmark sin tidlegare erfaring med å arrangere Eurovision-show, Eurovision Song Contest 2001 og Junior Eurovision Song Contest 2003, var innflytelsesrikt i valet til EBU.

Arrangementet fekk kodenamnet Extravaganza. 25. oktober 2004 vart København bekrefta som vertsby for arrangementet, som nå var planlagt å finne stad 22. oktober 2005. I mai 2005 vart Congratulations bekrefta som det offisielle namnet på showet. En månad seinare kunngjorde DR at Forum København skulle vere arena. 9. september 2005 annonsert DR at Katrina Leskanich og Renārs Kaupers skulle vere programleiarar. Leskanich var vokalist i Katrina and The Waves, som vann tevlinga for Storbritannia i 1997. Kaupers er vokalist i den latviske gruppa Brainstorm, som representerte Latvia då dei debuterte i 2000. Han var óg programleiar for tevlinga i 2003 då han vart arrangert i den latviske hovudstaden Riga.

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

# Land Artist Song Språk Runde 1 Runde 2
Poeng Plass Poeng Plass
01 EuroReino Unido.svg Sir Cliff Richard «Congratulations» Engelsk 105 08
02 EuroIrlanda.svg Johnny Logan «What's Another Year» Engelsk 074 12
03 EuroIsrael.svg Dana International «Diva» Hebraisk 039 13
04 EuroEspaña.svg Mocedades «Erés tu» Spansk 090 11
05 EuroAlemania.svg Nicole «Ein bißchen Frieden» Tysk 106 07
06 EuroItalia.svg Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» Italiensk 200 02 267 02
07 EuroSuecia.svg ABBA «Waterloo» Engelsk 331 01 329 01
08 EuroDinamarca.svg Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» Engelsk 111 06
09 EuroLuxemburgo.svg France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk 037 14
10 EuroTurquía.svg Sertab Erener «Every Way That I Can» Engelsk 104 09
11 EuroSuiza.svg Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk 098 10
12 EuroIrlanda.svg Johnny Logan «Hold Me Now» Engelsk 182 03 262 03
13 EuroReino Unido.svg Brotherhood of Man «Save Your Kisses for Me» Engelsk 154 05 230 05
14 EuroGrecia.svg Élena Paparízou «My Number One» Engelsk 167 04 245 04

Kjelde[endre | endre wikiteksten]