Conker's Bad Fur Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Conker's Bad Fur Day

Utviklar(ar)Rare
Utgjevar(ar)Rare/ THQ
Kreativt ansvarleg(e)Chris Seavor
Komponist(ar)Robin Beanland
Plattform(er)Nintendo 64
UtgjevingNA: 5. mars 2001
EU: 6. april 2001
SjangerAction, plattform
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar
AldersgrenseELSPA: 15+
ESRB: M
Del av serien Conker⠀
←Conker's Pocket Tales⠀ · Conker: Live & Reloaded→

Conker's Bad Fur Day er eit action-plattformspel utvikla og utgjeve av Rarespelkonsollen Nintendo 64. Det er det siste spelet frå denne utviklaren for konsollen, og vart gjeve ut 5. mars 2001 i Nord-Amerika og 6. april 2001 i Europa. Spelet handlar om Conker, eit raudt ekorn med drikkeproblem som prøver å koma seg heim til kjerasten sin. Spelmekanikkane består i ulike utfordringar som å løysa gåter og køyra kappløp med farkostar, fordelt over fleire nivå med varierande tema. Spelet har også ein fleirspelarmodus der opp til fire spelarar kan tevlast i sju ulike speltypar.

Conker's Bad Fur Day var under utvikling i fire år og var i utgangspunktet berekna på eit yngre publikum, men spelet vart forandra på og marknadsført mot ei mykje eldre målgruppe. Det har grafisk vald, seksuelle scener, sterkt språk, toaletthumor og fleire filmparodiar. Spelet fekk svært positive omtalar frå journalistar som skriv om dataspel, der dei mellom anna roste grafikken i spelet, ljoden og framstillinga. Spelet selde mindre bra grunna manglande reklamering av produktet og av di det vart gjeve ut nær slutten av livssyklusen til Nintendo 64-konsollen, men det fekk kultstatus grunna sin unike stil. Ei ny utgåve av spelet, kalla Conker: Live & Reloaded, med ny grafikk og annleis fleirspelarmodus vart gjeven ut på Xbox i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Conker's Bad Fur Day