Constantius Flood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Constantius Flood
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1837
Porsgrunn
Død

1908 (71 år)
Oslo

Yrke skribent
Far Paulus Flood
Mor Inger Charlotte Sartz
Constantius Flood på Commons

Constantius Flood (fødd 27. august 1837 i Porsgrunn, død 1908 i Kristiania) var ein norsk forfattar, sjømann og bonde, særleg kjent for sjøforteljingar og historiske skildringar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Flood var son til kjøpmann Paulus Flood og kona Inger Charlotte, fødd Bruun, i Porsgrunn. Han skal ha vorte send til sjøs alt som 11-åring, og gjekk seinare på sjømannsskolen, men ein augesjukdom gjorde at han måtte finne seg eit anna yrke. Flood livnærte seg som bonde først på Byneset, så i Holtålen og deretter i VanseLista.

Frå 1870-åra satsa han på forfattaryrket og slo seg etter kvart ned i Kristiania. Han debuterte alt i 1863 med to teaterstykke på Trondhjems Theater; Saxe Viks Døtre og året etter Danmarks Døtre. Frå midt i 1870-åra av kom det nærast årvisst bøker frå Constantius Flood si hand, dei fleste var innanfor ein populær sjanger. Tema henta han gjerne frå kystkulturen og/eller frå historiske hendingar; ikkje minst Napoleonskrigane opptok han. Fleire av Flood sine forteljingar og romanar var veldig populære i samtida, og nokre av dei kom i stadig nye opplag. Ei rekke av sjøforteljingane vart gitt ut på nytt under andre verdskrig av NS-forlaget Blix forlag. Mellom dei meste kjende bøkene er I Krigsaaren frå 1881, Sterke Jansen frå 1887 og Under Kaperflag som kom ut i 1895. Stortinget gav Flood økonomisk stønad ei tid, då eit fleirtal av parlamentarikarane meinte at bøkene hans var god folkelesnad.

I perioden 1883-86 var Flood redaktør av Ny illustreret Tidende. Han var medstiftar av Norsk Sømandsblad i 1886 og av Den norske Forfatterforening i 1893.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Listerlandet. Skildringer og Optegnelser fra ældre og nyere Tid. Stavanger 1875.
  • Vanse Præster fra Reformationen. Stavanger 1875.
  • Povel Juel. En Levnetsbeskrivelse. Mandal 1876.
  • Fra Agdesiden. Skildringer og Optegnelser. Christiania 1877.
  • Liv ved kysten. Skisser og Fortællinger. Kristiania 1879.
  • Fra Fjeldet og Skjærgaarden. Skildringer og Optegnelser. Kristiania 1879.
  • Smaastykker. Kristiania 1880.
  • I krigsaarene. Optægnelser. Kristiania 1881.
  • Mexikos Erobring. Kristiania 1881.
  • Novellistiske tidsbilleder. Kristiania 1881.
  • Perus Erobring. Efter Prescott og andre historiske Kilder. Kristiania 1881.
  • Cooks Reiser i Sydhavet. Fremstillet efter de nyeste og bedste Kilder. Kristiania 1882.
  • Kristopher Kolumbus. Fremstillet efter de nyeste historiske Kilder. Kristiania 1882.
  • I havskjærene. Fortællinger og Skildringer. Kristiania 1882.
  • Noget om det norske Lodsvæsen i ældre og nyere Tid. Kristiania 1882.
  • Ritter & Co. En Fortælling fra Kapertiden. Kristiania 1883.
  • Mellem Baaer og Skjær. Fortællinger. Kristiania 1884.
  • Løst og bundet. Skisser og Studier. Kristiania 1885.
  • Skjæbnebølger? Fortælling. Kristiania 1887.
  • Stærke Jansen. Historisk-romantisk Episode fra Krigsaarene 1807-1814. Kristiania 1887.
  • Spanske Eventyrere paa Kolumbus's Tid. Kristiania 1888.
  • Ufredstid. Fortælling fra Aarhundredets Begyndelse. Kristiania 1889.
  • For otti aar siden. Historiske og biografiske Optegnelser. Kristiania 1890.
  • Alvorsdyst og eventyrliv. Fortællinger og Skisser fra Sjølivet. Kristiania 1890.
  • Jan van Bench. Fra et Kaper-Rede i Krigens Tid. Chicago 1890.
  • Under krigen (1807–1814). Nogle historiskeog biografiske Optegnelser. Kristiania 1892.
  • Under kaperflag. Episoder fra Knud Ellingsens Sjømandsliv. Kristiania 1895.
  • Sommerliv i Fjorden. Kristiania 1895.
  • Magnus Barfod og hans Samtid. Historisk-romantisk Fortælling. Kristiania 1896.
  • Familien i Lyvik . En Fortælling for Ungdommen. Kristiania 1897.
  • Ombord i en blokadebryder. Horten 1897.
  • Tordenskjold. Et historisk Rids til Ungdoms- og Folkelæsning. Kristiania 1900.
  • Af Skjærgaardens Saga. Smaafortællinger. Kristiania 1902.
  • I kongens Trøie. Folkelivsbillede fra "Kanonbaadkrigens" Tid. Kristiania 1903.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]