Contax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Contax RTS (1975), designa av Porsche
Contax G2

Contax (C/Y) var eit kameramerke frå 1975 til 2005.

Stutt soge[endre | endre wikiteksten]

Zeiss Ikon, den kameraproduserande delen av Carl Zeiss AG, vart lagt ned i 1972, inngjekk Carl Zeiss AG samarbeid med den japanske kameraprodusenten Yashica. Resultatet vart ei ny rekkje spegelreflekskamera som tok over det tradisjonsrike namnet Contax.

Det første kameraet, Contax RTS, kom på marknaden i 1975. Det var konstruert av prof. dr. Katsuiko Sugaya og designa av Porsche designstudio. Det vart laga 13 ulike modellar av spegelreflekskamera. Dei billegaste modellane vart òg marknadsførde med namnet Yashica. Contax 139 Quartz, til dømes, var det same som Yashica FX-D Quartz.

Yashica vart kjøpt opp av Kyocera i 1983, og Kyocera heldt fram med produksjonen av både Yashica- og Contax-kamera. På midten av 1990-talet kom det banebrytande rammeleitarkameraet Contax G1 og litt seinare Contax G2, og ikkje lenge før merket vart lagt ned, kom det særs avanserte mellomformatkameraet Contax 645.

Kyocera greidde ikkje å henga med i den digitale marknaden, og i 2005 vart all kameraproduksjon lagt ned.

Kameramodellar[endre | endre wikiteksten]

Spegelreflekskamera[endre | endre wikiteksten]

Modell År hovudtrekk
RTS 1974 spegelreflekskamera med fast pentaprisme og elektronisk lukkar
139 Q 1979 blendarprioritet, TTL og TTL blitsmåling, X-synch 1/100
137 MD 1980 blendarprioritet, motorisert filmtransport (2-3 rammer/sek)
RTS II 1982 TTL blitsmåling, titaniumlukkar
137 MA 1981 blendarprioritet og manuell
159 MM 1984 program og blendarprioritet, 1/4000 sek, X-sync 1/250 sek, forbetra MM-bajonettfatning
167 MT 1986 program, lukkar- og blendarprioritet, manuell, spot-måling, fast AE-lås, autobracketing
RTS III 1990 pre-flash TTL spot-måling, 100% søkjar.
ST 1992 1/6000 sek, X-synch 1/200, senter- eller spot-måling
S2 1992 1/4000 sek mekanisk lukkar, spot-måling, ikkje TTL blitsmåling
S2b 1994 1/4000 sek mekanisk lukkar, sentermåling, ikkje TTL blitsmåling
RX 1994 fokushjelpesystem
AX 1996 autofokus med rørleg filmplan
Aria 1998 matrix-måling
RX II 2002 enklare variant av RX (utan fokushjelp)

Objektiv[endre | endre wikiteksten]

C/Y-fatning[endre | endre wikiteksten]

Zeiss fekk laga ei ny objektivfatning til dei nye spegelrefleksane, Contax/Yashica-fatninga (C/Y). Det var ei bajonettfatning som vart nytta på både Contax- og Yashica-kamera.

Zeiss-objektiv med C/Y-fatning vart laga i to variantar: AE og MM. Dei seinare MM-objektiva hadde ein funksjon som let kamera velja blendar som ein del av autoeksponeringssystemet, medan dei eldre AE-objektiva ikkje hadde nokon slik funksjon. Skilnaden mellom AE og MM var ofte ikkje større enn nett denne funksjonen. Dei eldre AE-objektiva er ofte meir verde på bruktmarknaden av di dei kan vera laga i Tyskland, medan dei nyare ofte er laga i Japan. Optikken og kvaliteten skal vera den same.

  • Distagon 15/3.5
  • F-Distagon 16/2.8
  • Distagon 18/4
  • Distagon 21/2.8
  • Distagon 25/2.8
  • Distagon 28/2
  • Distagon 28/2.8
  • Vario-Sonnar 28-70/3.5-4.5
  • Vario-Sonnar 28-85/3.3-4
  • Distagon 35/1.4
  • Distagon 35/2.8
  • PC-Distagon 35/2.8
  • Vario-Sonnar 35-70/3.4
  • Vario-Sonnar 35-135/3.3-4.5
  • Vario-Sonnar 40-80/3.5
  • Tessar 45/2.8
  • Planar 50/1.7
Carl Zeiss T* Planar 1,4/50
  • Planar 50/1.4
  • Planar 55/1.2 (Jubileumsobjektiv)
  • Makro-Planar 60/2.8
  • Makro-Planar 60/2.8 C
  • S-Planar 60/2.8 (Eldre slag Makro-Planar 60 mm f/2.8)
  • Planar 85/1.2 (Jubileumsobjektiv)
  • Planar 85/1.4
  • Sonnar 85/2.8
  • Planar 100f/2
  • Makro-Planar 100C/2.8
  • Sonnar 100/3.5
  • Sonnar 135/2.8
  • Planar 135/2
  • Sonnar 180/2.8
  • Apo-Sonnar 200/2
  • Tele-Tessar 200/3.5
  • Tele-Tessar 200/4.0
  • N-Mirotar 210/5.6
  • Vario-Sonnar 70-210/3.5 AE
  • Vario-Sonnar 80-200/4
  • Tele-Apotessar 300/2.8
  • Tele-Tessar 300/4.0
  • Vario-Sonnar 100-300/4-5.6
  • Mirotar 500/4.5
  • Mirotar 500/8
  • Tele-Apotessar 600/4 AE
  • Mirotar 1000/5.6 AE
  • Mutar I 2x telekonvertar
  • Mutar II 2x telekonvertar
  • Mutar III 1.4x telekonvertar