Cooksundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cooksundet
sund
Land  New Zealand
Kart
Cooksundet
41°13′46″S 174°28′59″E / 41.229444444444°S 174.48305555556°E / -41.229444444444; 174.48305555556
Wikimedia Commons: Cook Strait
Ferja «Arahura» i Marlborough Sounds.

Cooksundet (på engelsk Cook Strait) ligg mellom Nordøya og SørøyaNew Zealand. Det er vel 20 kilometer breitt på det smalaste[1]. På nordsida ligg byen Wellington, på sørsida havbuktene Marlborough Sounds og Cloudy Bay.

To store havbukter, Golden Bay og Tasman Bay, ligg på vestkysten til Sørøya, like sør for sundet, og vestkysten på Nordøya går over i den store kurva til buktene Kapiti Coast og South Taranaki Bight. Austover trekkjer Sørøya seg attende, kystlinja snur mot sør-vest etter at ho har nådd neset Cape Campbell. Den korte kyststrekninga på Nordøya strekkjer seg langs Palliser Bay og sluttar ved Cape Palliser. Forstadane til Wellington, Owhiro Bay, Island Bay, Houghton Bay, Lyall Bay, Rongotai, Moa Point og Breaker Bay vender mot sundet.

I godvêr ser ein klårt over Cooksundet. På det smalaste er det berre 23 kilometer som skil Cape Terawhiti på Nordøya frå Perano Head på øya Arapawa Island i Marlborough Sounds. Rart å tenkja seg, men dette punktet på kysten til Sørøya ligg lenger mot nord enn det sørlegaste punktet på Nordøya.

Det går regelmessige ferjeruter mellom Picton på Sørøya og Wellington. På grunn av vind er det ofte røff sjø i sundet, særleg i sunnavind. New Zealand ligg på tvers av «dei stormfulle førti» (40. breiddegrad), noko som bøyer av vestavind i nordleg retning i sundet.

Sundet har ei gjennomsnittsdjupn på 128 meter.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Cooksundet og Sørøya sett frå Sinclair Head.

Sundet har fått nanmnet sitt etter James Cook, den første europearen som segla gjennom det i januar - februar 1770. På maori er namnet Raukawa eller Raukawa Moana. Raukawa kan tyda 'bitre blad'.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då den nederlandske oppdagaren Abel Tasman første gongen såg New Zealand i 1642, mistolka han Cooksundet som ei havbukt som var stengd mot aust. Han kalla henne Zeehaens Bukt, etter Zeehaen, eit av dei to skipa han hadde med på ekspedisjonen. I 1769 fann James Cook ut at sundet var ein seglbar farveg.

Cooksundet drog til seg europeiske nybyggjarar tidleg i det 19. hundreåret. Fordi det er brukt som trekkrute for kvalar, oppretta kvalfangarar basar i Marlborough Sounds og i Kapiti-området. Frå 1840 kom meir permanente busetnader til, først i Wellington, deretter i Nelson og ved Wanganui (Petre). På denne tida såg busetjarane på Cooksundet som eit større område enn dagens ferjeorienterte newzealandarar; for desse første strekte området seg frå Taranaki til Cape Campbell, så alle desse tidlege byane var samla omkring «Cook Strait» som det sentrale området og den sentrale sjøfartsvegen i den nye kolonien. På grunn av den auka skipstrafikken i sundet som dette førte med seg, skjedde det ei rekkje forlis.

Symjing over sundet[endre | endre wikiteksten]

Maoriske overleveringar fortel om minst ein symjar som sumde over sundet i 1831. Etter at Barrie Devenport kryssa sundet 20. november 1962, har mange sumt over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. A. W Reed, The Reed Dictionary of New Zealand Place Names, Reed: 2002, page 99

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cooksundet