Coppermine Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°22′27.2″S 59°42′46.4″W
Coppermine Peninsula
halvøy
none  Coppermine Peninsula frå English Strait, med Fort William i framgrunnen.
Coppermine Peninsula frå English Strait, med Fort William i framgrunnen.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°22′27.2″S 59°42′46.4″W
Lengd 1,7 km
Breidde 0,5 km
Høgd 105 m
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Robert Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Robert Island i Sør-Shetlandsøyane.
Coppermine Peninsula is located in Antarktis
Coppermine Peninsula (Antarktis)

Coppermine Peninsula er ei klipperik halvøy heilt nordvest på Alfatar Peninsula og Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er 1,7 km lang, 500 m brei og har ei høgd på 105 moh. Halvøya ligg mellom English Strait i vest og Carlota Cove i aust. Ho er landfast med Alfatar Peninsula mot søraust via eit smalt eid som grensar til Carlota Cove i nord og den 1 km breie og 460 m djupe Coppermine Cove i sør. Coppermine Peninsula har status som særskild verneområde under Antarktistraktaten.

Ho har fått namn i samband med Coppermine Cove, eit skildrande namn som selfangarar nytta kring 1821 på grunn av dei koparfarga berga i området, farga av lava og tuff.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]