Copyright-symbolet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Copyright-symbolet

Copyright-symbolet © (ein C inni ein runding) er det amerikanske teiknet for opphavsrett (engelsk copyright).[1] Lenge var det eit krav i USA om at ein måtte bruka copyright-merket i eit verk for å få opphavsrettsvern til det. Regelen blei oppheva då landet slutta seg til den verdsomspennande Bernkonvensjonen om opphavsrett. I tråd med denne konvensjonen oppstår opphavsretten i og med at åndsverket blir til. Bruk av copyright-merket har dermed inga rettsleg tyding lenger.[2]

Ein vanleg bruk av copyright-merket er å setja merket først, så årstalet verket blei til og deretter namnet på opphavspersonen eller organisasjonen som har opphavsretten. Merkinga kan til dømes bli slik: «© 2011 John Smith». Slik merking fungerer i dag berre for å opplysa brukarar av verket om at det er verna av opphavsrett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]