Coquet Island i England

Koordinatar: 55°21′N 1°30′W / 55.35°N 1.5°W / 55.35; -1.5
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°21′N 1°30′W / 55.35°N 1.5°W / 55.35; -1.5

Coquet Island

Coquet Island er ei lita øy 1,2 km utanfor Amble på kysten av Northumberland nordaust i England.

Øya er eigd av hertugen av Northumberland. Royal Society for the Protection of Birds styrer eit fuglereservat på øya, som har mange sjøfuglkoloniar. Den mest talrike arten er lundefugl og over 18 000 par hekka her i 2002. Fuglereservatet er derimot meir viktig for dei utryddingstrua Dougalls ternene som hekkar her. Dette er den største kolonien av denne arten i Storbritannia og i 2005 hekka 92 par her. Andre fugleartar som hekkar her er splitterne, makrellterne, raudnebbterne, krykkje, havhest, tre måseartar og ærfugl.

Ruinane av eit kloster frå mellomalderen står på Coquet Island. Det meste av klosteret vart ein del av fyret og fyrvaktarbustaden på øya. Fyret er i dag automatisert og drive av Trinity House.

Det er generelt ikkje lov for publikum å gå i land på Coquet Island, men det vert stundom lagt båtturar til øya for sjå på dei mange lundefuglane som hekkar her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]