Cor Caroli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cor Caroli sett frå Nord-England den
1. mars 2011.

Cor Caroli (bayernamn alfa Canum Venaticorumα CVn) er den klåraste stjerna i det nordlege stjernebiletet Jakthundane (Canes Venatici). Det er ei dobbeltstjerne som består av to klårt skilde delar. Namnet Cor Caroli tyder Hjartet til Karl, og vart teke i bruk på 1600-talet til ære for ein av to engelske kongar ved namn Karl.

Namn[endre | endre wikiteksten]

I den vestlege verda hadde ikkje stjerna noko namn før på 1600-talet, då ho vart kalla Cor Caroli. Ein veit ikkje sikkert om stjerna er kalla opp etter Karl I av England, som vart avretta i 1649 under Den engelske borgarkrigen, eller sonen, Karl II av England, som gjeninnførte monarkiet i 1660. Namnet vart brukt i 1660 av Sir Charles Scarborough, som var livlege for Karl II. Han hevda at stjerna lèt til å skine spesielt klårt den natta Karl II vende heim til England. I Star Names hevda R.H. Allen at Scarborough føreslo namnet for Edmund Halley og meinte å vise til Karl II.[1] På den andre sida hevdar Robert Burnham at «namnet er tilskrive Halley i ein rapport utgjeven av J. E. Bode i Berlin i 1801, men det ser ikkje ut til å finnast anna belegg for det.»[2] I Star Tales påpeikar Ian Ridpath at namnet første gong dukkar opp på eit stjernekart frå 1673 av Francis Lamb, som kalla stjerna Cor Caroli Regis Martyris ("hjartet til Karl, martyrkongen"), ein klår referanse til Karl I.[3]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Cor Caroli er ei dobbeltstjerne med ei samla tilsynelatande storleiksklasse på 2,81. Dei to stjernene er 19,6 bogesekund frå kvarandre på himmelen og er lette å halde frå kvarande i små teleskop. Systemet ligg om lag 110 lysår frå Jorda. Den klåraste av dei to stjernene vert kalla α² Canum Venaticorum, den mindre klåre α¹ Canum Venaticorum.

Cor Caroli markerer det nordlegaste punktet i asterismen Jomfrudiamanten.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Allen (1963), s. 115.
  2. Burnham (1978), s. 359.
  3. Ridpath (1989). Sjå òg Deborah J. Warner, The Sky Explored: Celestial Cartography 1500-1800.
  4. Jimmy Westlake: The Virgin’s Diamond, jf. Hadeland astronomiforening.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]