Corinne Niogret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corinne Niogret


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 20. november 1972 (51 år)
Nantua
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1998, biathlon at the 1992 Winter Olympics – women's relay, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett kvinner

Corinne Niogret (fødd 20. november 1972) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Nantua i departementet Ain. Ho vart verdsmeister på 15 km i 1995 og i 2000, tidlegare hadde ho i 1992 med Frankrike vunne OL-gull i 3x7,5 km stafett og i 1993 VM-gull i lagøvinga. I perioden 1992-2001 fekk Niogret fire gull-, seks sølv- og sju bronsemedaljar i ulike olympiske leikar og verdsmeisterskap i skiskyting.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Niogret debuterte i verdscupen i skiskyting i 1988. Den fyrste meisterskapsmedaljen fekk ho på heimegrunn under vinter-OL i Albertville i 1992, der det franske laget vann gull i 3x7,5 km stafett. Vinteren etterpå tok det franske kvinnelaget VM-gull i lagøvinga og sølv på stafetten. I 1994 tok Frankrike, også då med Niogret på laget, bronse både på stafetten under OLLillehammer, og i lagøvinga under skiskytings-VM 1994 i Canmore.

Under VM 1995 i Antholz tok Niogret sine fyrste medaljar i individuelle tevlingar. Ho vann normalprogrammet over 15 km og tok bronsen på 7,5 km sprint, medaljehausten vart komplett då Frankrike fekk sølv på 4x7,5 km stafett. Og så fekk ho attpåtil bronse i lagøvinga. I 1996 kopierte franske lag medaljehausten frå 1995 under VM i Ruhpolding, der Niogret deltok på begge laga.

Niogret vann tre nye VM-medaljar i 1998 og -99. Under VM 2000 i Oslo tok ho sitt andre VM-gull på 15 km, fem år etter det fyrste. Ho fekk elles bronsemedaljen på 12,5 km fellesstart. I 2001 fekk ho si 15. og siste VM-medalje, einast norske Liv Grete Poiree passerte målstreken før henne på jaktstarten i Pokljuka.

I løpet av karrieren vann Niogret åtte renn i verdscupen. Beste samanlagtplasseringa oppnådde ho i 2000, då ho hamna på tredjeplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]