Cornizzolo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornizzolo
fjell
Krossen på toppen av Cornizolo
Land  Italia
Område Lecco
Høgd 1 241 m moh.
Kart
Cornizzolo
45°50′14″ N 9°18′7″ E
Wikimedia Commons: Cornizzolo

Cornizzolo (vestlombardisk Curnisciöö) er eit fjell i Italia i provinsen Lecco i Lombardia.

På toppen av fjellet, som er 1 241 meter over havet, står ein kross medan Maria Consigliere-hytta ligg på tusen meters høgd. Cornizzolo er kjend for folk som driv med hanggliding og paragliding, sidan det er mogeleg å utføre sporte ved fjellet året rundt.

I ein liten dal i fjellet ligg klosteret San Pietro al Monte frå 1000-talet. Fjellet var eit heilag fjell og sete for den førkeltiske kulten Anguana) og seinare for romarar og kristne. Ved foten av fjellet ligg helgenskrinet til St. Miro, kapellet St, Michael ved Lazzaretto, kapellet Vår frue av dei sju sorger, La Santa, St. Francis-kyrkja , St. Vitus og Modest-kyrkja , klosteret St. Calocero, St. Nazarus-kyrkja , St. Andreas-kyrkja ved Isella, Pilegrimshuset, St. Stefan-kyrkja , kapellet Vår frue av Caravaggio, klosteret Barnabitefedrene, St. Lorence-kyrkja, helgenskrinet til Vår frue av snøen, kyrkja av Den heilage ande, St. Anton-kyrkja, St. Martin-kyrkja, St. Thomas-kyrkja og mange andre religiøse bygningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cornizzolo