Koral
- Sjå òg «korall».
Koral er eit fleirtydig omgrep knytt til kyrkjeleg song og musikk. Ordet kjem frå latin choralis, gresk khoros, jamfør kor.
Den opphavlege tydinga[endre | endre wikiteksten]
Etter den opphavlege tydinga er koral den einstemmige, rytmisk frie songen nytta for framføring av liturgiske tekstar, spesielt i Den katolske kyrkja , hos oss nå vanlegvis kalla gregoriansk song.
Gammal avvikande tyding[endre | endre wikiteksten]
Det første hundreåret etter reformasjonen vart gammal koralsong (gregoriansk song) enno bruka i evangelisk-lutherske kyrkjer. På denne tida vart ordet koral òg bruka om koralsongarane.
Moderne tyding[endre | endre wikiteksten]
I moderne terminologi vert ordet koral i lutherske kyrkjer på germansk språkområde bruka om den einstemmige songen på morsmålet i kyrkjelyden, enkelt sagt alminneleg salmesong.
Martin Luther bruka uttrykket geistliche Lieder (åndelege viser) om denne songen. I den lutherske gudstenesta vart songen på morsmålet sentral, og i løpet av 1600-talet si form i salmesongen under nemninga koral.
Melodiar til salmar er samla i ei koralbok.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Kristen sang og musikk, Runa Forlag 1965