Coromuel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Coromuel er ein vind i La PazområdetBaja California-halvøya og Californiabukta (Cortezsjøen). Han opptrer seint på våren og sommaren, og er ein sørleg til sørvestleg vind som typisk starta på ettermiddagen eller tidleg på kvelden og bles gjennom natta til utpå morgonen. Han startar brått og kan verte særs sterk i området kring La Paz-bukta.[1]

Vinden vert skapt av den kjølige havlufta på Stillehavssida av halvøya, som vert trekt inn over ørkenen til den relativt varmare sida av Californiabukta. Han opptrer berre i La Paz-området fordi dette er den einaste staden på halvøya der fjella ikkje blokkerer for luftstraumen.[2]

Vinden fekk namn etter Samuel Cromwell, ein sjømann på 1800-talet, som ein trur var sjørøvar. Han vitja ofte La Paz, og segna seier at ein av dei største skattane hans vart gravlagd på strande med hans namn. Sidan dei innfødde ikkje klarte å uttale namnet hans, kalla dei han «Coromuel».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "What's the origin of the term Coromuel wind?" From Homer Aschmann's manuscript, Coromuel and Pichilingue
  2. "What are the Corumuel Winds in Baja Sur" BajaInsider.com