Cosmic Wheels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cosmic Wheels
Studioalbum av Donovan
Utgjeve Mars 1973
Innspelt 1972
Sjanger Folkrock
Lengd 37:56
Selskap Epic
Produsent Donovan Leitch
Mickie Most
Kritikk
Donovan-kronologi
HMS Donovan
(1971)
Cosmic Wheels Live in Japan: Spring Tour 1973
(1973)

Cosmic Wheels er det tiande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeven ut i mars 1973.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vorte far og stifta familie, spelte Donovan inn barneplata H.M.S. Donovan, før han igjen vendte seg mot populær musikk i 1972. Det hadde gått tre år sidan «Atlantis» nådde Topp 10. Sidan den gong hadde Donovan hatt noko suksess med Open Road. I håp om å finne tilbake til suksessformelen, tok Donovan inn att Mickie Most som hadde produsert dei fleste innspelingane hans på slutten av 60-talet. Cosmic Wheels-innspelignane vart gjort i Morgel Studios i London i England. På denne tida var glamrock på toppen av listene i Storbritannia, definert av band og artistar som T. Rex, Alice Cooper og David Bowie blant andre. Fleire av desse artistane hevda at Donovan var ei viktig inspirasjonskjelde for musikken deira. Denne omtalen var med på å forme den musikalske retninga Cosmic Wheels skulle ta.

Medan Donovan spelte inn Cosmic Wheels, spelte Alice Cooper inn Billion Dollar Babies i same studio i 1973. Alice Cooper-gitaristen Michael Owen Bruce foreslo å be Donovan synge solo på tittelsporet i lag med Vincent Damon Furnier (som seinare tok namnet Alice Cooper for seg sjølv). Donovan gjekk med på det og resultatet var med på å føre Billion Dollar Babies heilt til topps i USA.

Cosmic Wheels nådde Topp 20 både i USA og Storbritannia, om lag like høgt som mange av dei tidlegare albuma til Donovan. I 1973 hadde musikkindustrien endra eg mot meir album-orientert rock, og singlar hadde vote mindre viktig. I redigert utgåve nådde «I Like You» 66. plass i USA og vart den siste singelen hans som gjekk inn på lista der.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Cosmic Wheels»   4:02
2. «Earth Sign Mama»   3:56
3. «Sleep»   3:48
4. «Maria Magenta»   2:12
5. «Wild Witch Lady»   4:27
Side to
# Tittel Lengd
6. «The Music Makers»   4:28
7. «The Intergalactic Laxative»   2:49
8. «I Like You»   5:18
9. «Only the Blues»   3:13
10. «Appearances»   3:44

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]