Costa Daurada
Costa Daurada (spans Costa dorada, tyder «Gullkysten») er ein 216 km lang del av kysten av Catalonia i Spania i comarques Baix Penedès, Tarragonès, Baix Camp og Baix Ebre. Kysten er eit viktig turistområde.
Opphavet til namnet kjem av dei gyldne strendene som trekk så mange turistar til området. Sanden i seg sjølv kjem av erosjon av landet innafor på grunn av avskoging i mellomalderen og seinare. Flaum fører med seg elvepartiklar seg til kysten, og sidan det er minimalt med tidvatn i området, har strendene endra seg lite.
Dei fleste av byane på Costra Daurada har sine eigne strender som dei lokale innbyggjarane nyttar året rundt og turistane nyttar i turistsesongen frå mai til oktober. Salou vert ofte rekna som hovudbyen på Costa Daurada og har ein infrastruktur som er bygd for turismen. Folketalet her varierer frå 15 000 om vinteren til 250 000 om sommaren.
Fiske er òg ei viktig næring i området, hovudsakleg med base i byane Tarragona og Cambrils.
I sørvest vert kysten meir kupert og byane mindre. Den sørlege grensa til regionen er markert av deltaet til elva Ebro.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Costa Daurada» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2009.
|
|
|
|---|---|
| Costa Brava · Costa Dorada · Costa del Azahar · Costa Blanca · Costa Cálida · Costa de Almeria · Costa de Granada · Costa del Sol · Costa de la Luz · Costa de las Rías Bajas · Costa da Morte · Costa Verde · Costa Vasca |