Cotentin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Cotentin

Cotentin, eller Cherbourghalvøya er ei halvøy i Normandie som dannar den nordvestlege kysten av Frankrike. Ho stikk seg ut i Den engelske kanalen mot Storbritannia. Vest for halvøya ligg Kanaløyane.

Halvøya høyrer til departementet Manche, i regionen Basse-Normandie.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Halvøya er ein del av Armoric-massivet, og ligg mellom elvemunningen til Vire og bukta Mont Saint Michel. Ho er delt i tre delar: Neset La Hague, Cotentinpasset og dalen til elva Saire (Val-de-Saire). Halvøya utgjer mesteparten av departementet Manche.

Den største byen på halvøya er Cherbourg på nordkysten, her det går båtar over Kanalen.

Andre byar og landsbyar er: Coutances, Barfleur, Saint-Lô, Bricquebec, Granville, Barneville-Carteret, Carentan og Avranches.

Vestkysten av halvøya, kjend som la Côte des Îles, ligg mot Kanaløyane, og det går ferjesamband frå Carteret og Granville til øyane (inkludert Chausey).

Utanfor kysten til halvøya ligg mellom anna øyane Tatihou og Îles Saint-Marcouf.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen som i dag heiter Coutances var hovudstad i Unelli, ei gallisk stamme, og fekk namnet Constantia i 298 av den romerske keisaren Constantius Chlorus. Heile halvøya, på latinsk kalla pagus Constantinus, varst så kalla Cotentin.

Før det vart laga moderne vegar, var halvøya nesten utilgjengleg om vinteren fordi store myrområde flauma over dei lågareliggande områda på sjølve neset, slik at Cotentin stundom har vorte kalla ei øy gjennom historia.

Byen Valognes var fram til Den franske revolusjonen ein sosial ferieby for aristokratar, og fekk tilnamnet «Normandie sitt svar på Versailles». Det er lite igjen av dei store husa og châteaux, på grunn av kampane her under Operasjon Overlord i 1944. Det sosiale livet her vart skildra i romanane til Jules Barbey d'Aurevilly, som sjølv var frå området.

Slaget ved La Hougue fann stad i 1692 ved Saint-Vaast-la-Hougue nær Barfleur.

Koordinatar: 49°30′N 1°30′W