Count Basie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Count Basie med band.

William «Count» Basie (21. august 190426. april 1984) var ein amerikansk jazzmusikar, pianist og orkesterleiar. Basie voks opp i fattige kår, men lærte seg likevel å spele piano. Tidlege førebilete var, i følgje han sjølv, Earl «Fatha» Hines og Thomas «Fats» Waller. I tjueårsalderen fekk han ymse jobbar som stumfilmpianist, vaudevillemusikar og akkompagnatør for ulike bluessongarar. I 1928 fekk han jobben som pianist i Walter Page sitt band Blue Devils, eit band med røtene i Kansas City i Missouri. Der fekk han året etter eit engasjement i Bennie Moten sitt orkester, som han overtok etter Moten sin død i 1935.

Basie skapte ein ny stil i storbandjazzen, som fram til då hadde vore prega av Fletcher Henderson og Duke Ellington sine meir raffinerte arrangement. Basie kunne òg bruke innvikla oppbygning på arrangementa sine, men det meste av musikken baserte seg på enkle tonegangar, såkalla riff, underbygd av ei sterk rytmekjensle. Musikken var òg prega av Basie sitt enkle og spaningsskapande pianospel.

Utanom ein kort pause frå 1950-1952 heldt storbandet det gåande fram til slutten av 1970-talet. Då gjorde Basie si forverrande helse det vanskeleg å halde fram med å turnere.

Mange framståande musikarar bidrog til å oppretthalde orkesteret sitt høge nivå. Ein kan nemne trompetarane Buck Clayton, Harry Edison og Thad Jones, tenorsaksofonistane Lester Young, Hershel Evans, Frank Wess, Frank Foster og Eddie «Lockjaw» Davis, gitaristen Freddie Green og trommeslagaren Jo Jones. Basie sin musikk var sterkt prega av blues, og han fekk med seg songarar som Helen Humes, Jimmy Rushing og Joe Williams.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]