Country Joe and the Fish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Country Joe and the Fish
Countryjoe 79 crop.jpg
Country Joe, Parr Meadows 1979
Sjanger Psykedelisk rock, folkrock, acid rock
Aktive år 1965–1971, seinare sporadisk
Plateselskap Vanguard Records
Nettstad www.well.com/~cjfish/
Medlemmer
Barry «The Fish» Melton
Paul Armstrong
Bruce Barthol
Gregory Leroy Dewey
John Francis Gunning
Mark Kapner
«Country» Joe McDonald
Doug Metzler
Gary «Chicken» Hirsch
David Bennett Cohen

Country Joe and the Fish var eit rockeband som var mest kjend for protestsongane sine mot vietnamkrigen frå 1966 til 1971, og for å ha hatt ein viktig innverknad på psykedelisk rock.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på gruppa kom frå politikkverda og «Country Joe» var eit populært namn på Josef Stalin i 1940-åra, medan «the fish» syner til sitatet til Mao Tse-Tung som sa at «sann revolusjon flyt gjennom bondestanden som fisk gjennom vatn». Gruppa bestod av ei kjerne av «Country Joe» McDonald (solovokal) og Barry «The Fish» Melton (sologitar), og dei spelte inn for «Teach-In»-protestane mot vietnamkrigen i 1965. McDonald og Melton tok inn fleire musikarar etter kvart som dei trengde dei. I 1967 bestod bandet i tillegg av Gary «Chicken» Hirsh (trommer), Bennett Cohen|David Cohen]] (klaverinstrument) og Bruce Barthol (bass). Besetninga frå 1967 varte berre to år og på Woodstockfestivalen i1lineup lasted only to years, and by the 1969 music festival Woodstock, the lineup included Greg 'Duke' Dewey (trommer), Mark Kapner (klaverinstrument) and Doug Metzler (bass).

Bandet byrja å spele ei tidleg form for psykedelisk rock. Albumet Electric Music for the Mind and Body var viktig då det vart spelt på tidleg FM-radio i 1967. Lange konsertar med psykedelisk songar som «Section 43», «Bass Strings», «Not So Sweet Martha Lorraine», «Janis» (for og om Janis Joplin) og «Grace» (for Grace Slick) (alle på Vanguard Records) vart ofte spelt etterkvarandre på KSAN og KMPX i San Francisco og progressive rockestasjonar rundt om i landet. Det første albumet deira nådde 39. plass i 1967 og det andre 67. plass i 1968. Det tredje kom høgast med ein 23. plass i 1969. Country Joe and The Fish spelte ofte på det opphavlege Fillmore Auditorium, the Fillmore West, Fillmore East, og Chet Helms sitt Avalon Ballroom. Dei spelte i lag med grupper som Jefferson Airplane, Grateful Dead, Quicksilver Messenger Service, Led Zeppelin og Iron Butterfly. Dei spelte på Monterey Pop Festival i 1967 og på Woodstockfestivalen i 1969. I 1971 spelte bandet i westernfilmen Zachariah med Don Johnson frå 1971. Dei spelte òg i George Lucas-filmen More American Graffiti og i 1971 i Roger Corman-filmen Gas-s-s-s.

Den største hitten deira var antikrigssongen «I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die Rag», som kom ut same året som bandet vart starta, men som vart mest kjend etter den akustiske soloutgåva til Country Joe på Woodstockfestivalen. Country Joe vart i 2001 saksøkt av dotter til Kid Ory, Babette Ory, som hevda at Joe sin «Fixin»-rag braut opphavsretten hennar til Kid Ory sin Dixieland-standard «Muskrat Ramble». I august 2003 vann Joe saka, sidan det hadde vore kjend at Joe song songen sidan seint i 1960-åra, men at det ikkje hadde kome klagar på mange tiår.

Antikrigsaktiviteten til Country Joe gjorde at han vart innkalla som vitne i konspirasjonssaka Chicago Seven i 1969.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  1. Elektrisk Music for the Mind and Body, Vanguard (September 1967)
  2. I-Feel-Like-I'm-Fixin'-to-Die, Vanguard (1967)
  3. Together, Vanguard (1968)
  4. Here We Are Again, Vanguard (1969)
  5. CJ Fish, Vanguard (1970)
  6. Reunion, Vanguard (1977)
  7. Live! Fillmore West 1969, Vanguard (1996)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]