County Monaghan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
County Monaghan
Contae Mhuineacháin
Plasseringa til County Monaghan på Irland
Statistikk
Provins: Ulster
Hovudby: Monaghan
Bilnummer: MN
Areal: 1 294 km²
Folketal (2006): 55 816
Folketettleik: 43 /km²
Nettside: www.monaghan.ie

County Monaghan (irsk Contae Mhuineacháin) er eit grevskap i Republikken Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster. Grevskapet er eit av tre grevskap i Ulster som ikkje ligg i Nord-Irland. Administrasjonsbyen er Monaghan.

County Monaghan grensar til Tyrone, Londonderry og Armagh i Nord-Irland, og Louth i aust, Meath i sør og Cavan i vest.

Namnet kjem frå muine cheain, som tyder landet med dei små åsane. Dette viser til det spesielle landskapet som er dominert av låge åsryggar som er eit resultat av erosjon frå isbrear ved slutten av siste istid.

Diktaren Patrick Kavanagh, som vert rekna som ein av dei viktigaste irske diktarane på 1900-talet, vart fødd i Monaghan. Diktet hans Stony Grey Soil refererer til grevskapet.

Byar og landsbyar i County Monaghan[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Grevskap i Irland

Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo
Munster: Clare | Cork | Kerry | Limerick | Tipperary | Waterford
Leinster: Carlow | Dublin | Kildare | Kilkenny | Laois | Longford | Louth | Meath | Offaly | Westmeath | Wexford | Wicklow
Ulster: Antrim * | Armagh * | Cavan | Donegal | Down * | Fermanagh * | Londonderry * | Monaghan | Tyrone *
* Grevskap i Nord-Irland (andre grevskap er i Republikken Irland)