County Tyrone
| County Tyrone Contae Thír Eoghain |
|
![]() |
|
| Statistikk | |
| Provins: | Ulster |
| Hovudby: | Omagh |
| Areal: | 3 155 km² |
| Folketal (est.): | 166 516 |
| Folketettleik: | 53 /km² |
County Tyrone (irsk Contae Thír Eoghain) er eit av seks grevskap i Nord-Irland nordaust på Irland i provinsen Ulster.
County Tyrone grensar til Fermanagh i sørvest, Londonderry i nordaust, Armagh i søraust. I aust ligg Lough Neagh. Av grevskap i Republikken Irland grensar Tyrone til Donegal i nordvest og Monaghan i sør.
Tidlegare var grevskapet større, og inkluderte den delen County Londonderry som ligg aust for elva Foyle.
Det er det største av dei seks grevskapa i Nord-Irland. Etter endringane i lokalstyreordninga har ikkje grevskapet lenger noko administrativ funksjon. Tyrone er delt i fire distrikt: Cookstown, Dungannon, Omagh og Strabane. I tillegg er ein mindre del av grevskapet inkludert i distriktet Fermanagh.
Byar og landsbyar i County Tyrone [endre]
Den tradisjonelle administrasjonsbyen i Tyrone er Omagh. Andre store byar er Strabane, Dungannon og Cookstown. Av mindre byar finn ein Fivemiletown, Castlederg, Coalisland, Donaghmore, Ardboe, Pomeroy og Carrickmore.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen County Tyrone frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Connacht: Galway | Leitrim | Mayo | Roscommon | Sligo |
||
