Cowal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Cowal

Cowal (skotsk-gælisk Còmhghall) er ei halvøy i Argyll and Bute i Dei skotske høglanda.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Den nordlege delen av Cowal er det mest fjellendte området av Argyll Forest Park. Cowal er skild frå Kintyre-halvøya i vest av Loch Fyne, og frå Inverclyde og North Ayrshire i aust av Firth of Clyde. Fjordane Loch Long og Loch Goil ligg i nordaust og sørenden av halvøya er delt inn i tre av fjordane Loch Striven og Loch Riddon. Isle of Bute ligg sør for Cowal, på andre sida av det smale Kyles of Bute som knyt Clyde til Loch Riddon.

Mykje av Cowal var ein gong eigd av Lamont-klanen.

Byar på Cowal er: Innellan, Toward, Castle Toward, Dunoon, Hunters Quay, Sandbank, Kilmun, Strone, Ardentinny, Blairmore i søraust mot låglanda i Inverclyde. Carrick Castle, Lochgoilhead, Ardgartan, Arrochar, Rest and be thankful, Succoth, Tarbet, Inveruglas, Ardlui, Cairndow, St Catherines nord på Cowal i Arrochar Alps. Creggans, Strachur, Castle Lachlan, Otter Ferry, Kilfinan, Portavadie ligg på austsida av Loch Fyne mot Mid-Argyll og Kintyre. Kames, Tighnabruaich, Colintraive, Glenstriven er på Kyles of Bute.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°1′N 5°8′W