Craddock Massif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°36′S 85°18′W
Craddock Massif
fjellkjede
none  Sentinel Range med Craddock Massif, USGS Map
Sentinel Range med Craddock Massif, USGS Map
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 78°36′S 85°18′W
Høgaste punkt Mount Rutford [1]
 - høgd 4 477 moh
Lettast tilkomst snø- og isklatring
Førstestiging av Jed Brown (USA) desember 2006
Administrert under Antarktistraktaten
Craddock Massif is located in Antarktis
Craddock Massif (Antarktis)

Craddock Massif er eit fjellmassiv i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i det chilenske kravområdet i Vest-Antarktis.

Craddock Massif ligg ved søraustsida av Vinson Massif, mellom Hammer Col og Karnare Col mellom Vinson Massif og dei sørlege Sentinel Range. Det høgaste fjellet i Craddock Massif er Mount Rutford, ein spiss topp på 4477 moh. Andre fjell i Craddock Massif er frå nord til sør Bugueño Pinnacle, Rada Peak og Mount Craddock.[1]

Sentinel Range vart oppdaga og fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth. Heile fjellkjeda, inkludert Craddock Massif, vart kartlagd av US Geological Survey frå flyfoto teken av U.S. Navy, 1958–61.[1]

Massivet vart opphavleg kalla «Mount Craddock» av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) i 1965, men på seinare kart var namnet gjeve til den sørlegaste toppen i massivet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Craddock Massif» (innhald frå Geographic Names Information System).