Crans-Montana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crans-Montana ved fjellvatnet Grenon

Crans-Montana er ein feriestad i kantonen Valais i Sveits. Feriestaden dekker eit vidt område på eit platå, om lag 1 500 meter over havet, ovanom landsbyen Montana. Crans-Montana er i første rekke ein vintersportstad, det finst omkring 140 kilometer med skiløyper. Fleire gongar har det vore arrangert renn i den alpine verdscupen på staden. Verdsmeisterskapen i alpint 1987 vart avvikla i Crans-Montana, då super-G for første gong var meisterskapsøving. I sommarhalvåret vert større golfturneringar arrangert, der er ei nihols og ei 18-hols bane, til dømes ei turnering i Europatouren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]