Crast' Agüzza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°22′50″N 9°54′25″E
Crast' Agüzza
fjell
none  Crast' Agüzza (berghorn i midten) og Piz Bernina (høgre)
Crast' Agüzza (berghorn i midten) og Piz Bernina (høgre)
Land Flag of Italy.svg Italia, Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Berninafjella
høgd 3 869 moh
koordinatar 46°22′50″N 9°54′25″E
Lettast tilkomst Travers frå aust til vest over ryggen frå Marco e Rosa-hytta (PD+)
Førstestiging av Johann Jakob Weilenmann, J. A. Specht, Franz Pöll, Jakob Pfitschner
 - dato 17. juli 1865
Alps location map.png
Locator Red.svg

Crast' Agüzza er eit 3 854 m høgt fjell i Berninafjella på grensa mellom Italia og Sveits.

Nord for fjellet ligg Morteratschbreen og i sør Øvre Scerscen-breen. Straks nord for fjelltoppen ligg breskaret Fuorcla Crast' Agüzza (3601 moh).

Dei fyrste som nådde opp i skaret kom opp frå nord. Det var to britar, E. S. Kennedy og J. F. Hardy og tre lokale fjellførarar; Peter Jenny, F. Jenny og A. Flury, den 23. juli 1861. Dei fyrste som traverserte langs heile skaret var Francis Fox Tuckett, E. N. Buxton, Peter Jenny, Christian Michel og Franz Biner, den 28. juli 1864.

17. juli 1865 nådde J. J. Weilenmann, J. A. Specht, Franz Pöll og Jakob Pfitschner heilt til topps på Crast' Agüzza. Turen gjekk langs vestegga.

Vanleg oppstigingsrute går over den berglendte austegga frå Fuorcla da l'Argient. Emil Burckhardt, Hans Grass og Peter Egger kom, som dei aller fyrste, opp denne i august 1874.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]