Cream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cream
Sjanger rock, psykedelisk rock, hardrock, acid rock
Aktive år 1966–1968, 1993, 2005
Tilknytte artistar Powerhouse, The Graham Bond Orgelisation, John Mayall's Bluesbreakers, Blind Faith, Bruce-Baker-Moore
Plateselskap Reaction, Polydor, Atco, RSO
Tidlegare medlemmer
Jack Bruce
Eric Clapton
Ginger Baker

Cream var eit britisk rockeband i 1960-åra, ei såkalla supergruppe, som bestod av bassist/vokalist Jack Bruce, gitarist/vokalist Eric Clapton og trommeslagar Ginger Baker. Stilen deira er skildra som ei blanding av bluesrock, hardrock og psykedelisk rock,[1] kombinert med psykedeliske tekstar, bluesgitaren til Eric Clapton, stemma og blues-bassen Jack Bruce og den jazzpåverka tromestilen til Ginger Baker. Det tredje albumet til bandet Wheels of Fire var det første dobbeltalbumet i verda som selde til platinaplate[2][3] Cream vert rekna som den første kjende og suksessrike supergruppa.[4][5][6] Over to år seidel dei over 35 millionar album.[7]

Musikken til Cream inkluderer songar basert på tradisjonell blues, som «Crossroads» og «Spoonful», og moderne blues som «Born Under a Bad Sign», samt meir eksentriske songar som «Strange Brew», «Tales of Brave Ulysses» og «Toad». Dei største hittane til Cream var «I Feel Free» (UK, #11),[3] «Sunshine of Your Love» (US, #5),[8] «White Room» (US, #6),[8] «Crossroads» (US, #28),[8] og «Badge» (UK, #18).[9]

Cream hadde stor innverknad på popmusikken i si tid, og i lag med Jimi Hendrix gjorde dei wah-wah-pedalen populær. Dei hadde tunge, men likevel teknisk dyktige musikalske tema som peika fram mot og påverka britiske band som Led Zeppelin, Deep Purple og The Jeff Beck Group seint i 1960-åra. Konsertane til bandet påverka progrockband som Rush,[10] jamband som The Allman Brothers Band, Grateful Dead, Phish og heavy metal-band som Black Sabbath.[11]

Cream vart rangert på 16. plass på lista til VH1 over dei 100 største hardrockartistane og Rolling Stone kåra dei til dei 66. største artisten gjennom tidene.[12] I 2010 rangerte òg VH1 dei på 61. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.

Starten[endre | endre wikiteksten]

I juli 1966 hadde karrieren til Eric Clapton med The Yardbirds og John Mayall's Bluesbreakers gjeve han rykte som ein av dei dyktigaste bluesgitaristane i Storbritannia.[1] Virtuositeten og den rå krafta Clapton synte med gitaren inspirerte ein tilhengjar til å spraymåle orda «Clapton is God» på ein mur på Islington undergrunnsstasjon.[13] Clapton følte seg derimot avgrensa i bandet til Mayall og ønskte å utvikle spelinga si vidare med eit nytt band.

I 1966 møtte Clapton Baker, som då leia Graham Bond Organization, som på eit tidspunkt hadde med Bruce på bassgitar, munnspel og piano. Baker følte seg òg undertrykka i GBO og hadde vorte lei dopmisbruket og den mentale ustabiliteten til Graham Bond. «Eg har alltid likt Ginger», forklarte Eric Clapton. «Ginger hadde kome for å sjå meg spele med the Bluesbreakers. Etter konserten køyrde han meg tilbake til London i Roveren sin. Eg var særs imponert over bilen og køyringa hans. Han fortalte meg at han ønskte å starte eit band, og eg hadde tenkt på det òg.»[14] Begge var imponert av kvarandre, og Baker spurte Eric Clapton om han ville bli med i det nye bandet hans, som ikkje hadde fått namn enno. Clapton ønskte dette, mot at Baker tok inn Bruce som bassist i gruppa;[3] i følgje Clapton var Baker så overraska over forslaget at han nesten kræsja bilen.[15]

Clapton hadde møtt Bruce då bassisten/vokalisten ei kort stund spelte med the Bluesbreakers i mars 1966[3]. Dei to hadde òg arbeidd i lag som del av det kortvarige bandet Powerhouse (der òg Steve Winwood og Paul Jones spelte). Han var imponert over stemma og teknikken til Bruce, og ønskte å arbeide meir med han.

Det Clapton ikkje visste var at då Bruce var i bandet til Bond, så hadde han og Baker krangla heile tida.[16] Begge var glimrande jazzmusikarar og respekterte dugleiken til kvarandre, men GBO var for lite for egoa deira. Det flyktige forholdet omfatta kranglar på scenen og sabotasje av kvar sine instrument.[16] Etter at Baker sparka Bruce frå bandet, heldt Bruce fram å møte opp på konsertar, og til slutt vart Bruce driven bort frå bandet etter at Baker hadde trua han med kniv.

Likevel klarte Baker og Bruce å sette skilnadane sine til side for trioen til Baker, som han førestilte seg som eit samarbeidsprosjekt, der kvar av medlemmane medverka med musikk og tekst. Bandet vart kalla «Cream», sidan både Clapton, Bruce og Baker vart rekna som kremen av musikarane blant jazz- og bluesmusikarane i det britiske musikkmiljøet. Før dei slo seg til med «Cream», vurdert bandet å kalle seg «Sweet 'n' Sour Rock 'n' Roll». Av trioen var det Clapton som hadde størst rykte i England. Han var derimot nesten heilt ukjend i USA, då han hadde gått frå The Yardbirds før «For Your Love» vart ein hitt der.[1]

Cream gjorde ein uoffisiell debut på Twisted Wheel den 29. juli 1966.[3][17] Den offisielle debuten kom to kveldar seinare på Sixth Annual Windsor Jazz & Blues Festival.[3][17] Som eit nytt band med få originale songar å vise til, spelte Cream energiske bluessongar som begeistra publikum, som gav dei ei varm mottaking. I oktober fekk bandet òg sjansen til å jamme med Jimi Hendrix, som nyleg hadde kome til London. Hendrix var tilhengjar av musikken til Clapton og ønskte ein sjanse til å spele med han på scenen.[3] Hendrix vart introdusert for Cream gjennom Chas Chandler, bassisten i The Animals, som var manager for Hendrix.[3]

Det var heilt i starten av bandet at dei valte Bruce som solovokalist. Sjølv om Clapton var noko sjenert for å synge,[18] song han stundom harmonivokal med Bruce og stundom solovokal på nokre songar, som «Four Until Late»,[19] «Strange Brew»,[20] «Crossroads»,[21] og «Badge».[22]

Fresh Cream[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet til Cream, Fresh Cream, vart spelt inn og gjeve ut i 1966. Det nådde sjetteplass i Storbritannia og 39. plass i USA.[23] Det bestod hovudsakleg av andre sine bluessongar, mellom andre «Four Until Late», «Rollin' and Tumblin'» (ein gammal bluessong spelt inn av Hambone Willie Newbern i 1926, som vart ein bluesstandar på grunn av versjonar av Muddy Waters og Elmore James tidleg i 1950-åra), «Spoonful» (av Willie Dixon og spelt inn av Howlin' Wolf), «I'm So Glad» (av Skip James) og «Cat's Squirrel». Resten av albumet inneheld songar skriven (eller skriven i lag med) Jack Bruce, mellom andre «I Feel Free» (som vart ein hitsingel i Storbritannia,[3] men berre inkludert på den amerikanske utgåva av albumet), og to songar av Ginger Baker (ein av dei, «Toad», hadde ein av dei første trommesoloane i rockehistoria). Ginger Baker samarbeidde òg med den dåverande kona til Jack Bruce, Janet Godfrey på «Sweet Wine». Godfrey skreiv teksten til den første av dei originale bluessongane deira, «Sleepy Time Time».

Disraeli Gears[endre | endre wikiteksten]

Cream vitja først USA i mars 1967 og spelte ni konsertar i RKO Theater i New York. Dei vendte attende og spelte inn Disraeli Gears i New York mellom 11. og 15. mai 1967.[24] Det andre albumet til Cream kom ut i november 1967 og nådde Topp 5 på listene på begge sider av Atlanteren.[25] Produsert av Felix Pappalardi (som seinare grunnla den Cream-påverka kvartetten Mountain) og lydteknikar Tom Dowd, vart det spelt inn i Atlantic Studios i New York. Disraeli Gears vert ofte rekna som høgdepunktet i karrieren deira, der dei blanda britisk psykedelisk rock med amerikansk blues. Det var òg det første Cream-albumet som hovudsakleg bestod av originale songar, og berre tre av elleve spor var skriven av andre enn bandmedlemmane. Disraeli Gears inneheld hittane «Strange Brew», «Tales of Brave Ulysses» og «Sunshine of Your Love».

Sjølv om albumet vert rekna som eit av høgdepunkta til Cream, har det aldri representert konsertane deira noko særleg bra. Sjølv om dei ofte spelte «Tales of Brave Ulysses» og «Sunshine of Your Love», slutta dei å spele mange av songane frå Disraeli Gears halvvegs ut i 1967, og spelte heller lengre jammar i staden for korte popsongar. «We're Going Wrong» var den einaste av dei andre songane på albumet som stundom vart spelt på konsertane deira. På gjenforeiningskonserten deira i 2005 i London, spelte dei berre tre songar frå Disraeli Gears: «Outside Woman Blues», «We're Going Wrong» og «Sunshine of Your Love».

I august 1967 spelte Cream den første turneen sin i Amerika som hovudattraksjon, der dei spelte i Fillmore West i San Francisco for første gong. Konsertane vart ein stor suksess og særs viktige for utvikla av både bandet sjølv og det blømande hippiemiljøet kring dei. Med eit publikum som lytta, var det på denne tida at Cream starta å dra ut songane på konsertane, og nytta meir jamming i repertoaret sitt. Somme songar kunne vare 20 minuttar. Lange jammar på songar som «Spoonful», «N.S.U.» og «Sweet Wine» vart konsertfavorittar, medan songar som «Sunshine of Your Love», «Crossroads» og «Tales of Brave Ulysses» vart verande forholdsvis korte.

Wheels of Fire[endre | endre wikiteksten]

I 1968 kom det tredje albumet til Cream, Wheels of Fire, som toppa den amerikanske albumlista. Med Wheels of Fire flytta Cream seg noko bort frå blues mot ein meir delvis progressiv rock-stil med rare tempoangivelser og forskjellige orkesterinstrument. Bandet spelte likevel inn Howlin' Wolf sin «Sitting on Top of the World» og Albert King sin «Born Under A Bad Sign». I følgje eit BBC-intervju med Clapton, bad plateselskapet, som òg hadde Albert King i stallen, bandet om å spele «Born Under a Bad Sign», som vart eit populært spor på plata. Opningssongen «White Room», vart ein stor radiohit. Ein annan song, «Politician», vart skriven av bandet medan dei venta på å spele live på BBC.[14] Den andre plata på albumet inneheld tre konsertopptak frå Winterland Ballroom og ein frå the Fillmore. Den andre soloen til Eric Clapton frå «Crossroads» har ofte nådde Topp 20 i diverse kåringar over dei største gitarsoloane gjennom tidene..[26][27][28] Ginger Baker sin «Toad» vert ofte rekna som ein av dei største trommesoloane i rockehistoria.[29]

Eric Clapton under ein konsert i 1974

Etter at Wheels of Fire var ferdig midtvegs i 1968, hadde bandmedlemmane fått nok og ønskte å gå kvar sin veg. Som Baker sa i eit intervju i 2006 med Music Mart, «det kom til eit punkt der Eric sa til meg: 'Eg har fått nok av dette', og eg sa at det hadde eg òg. Eg klarte ikkje meir. Det siste året med Cream var berre smerte. Det øydela høyrsla mi permanent, og eg har framleis i dag eit høyrselsproblem på grunn av det høge volumet det siste året med Cream. Men det starta ikkje slik som det. 1966 var eit flott år. Det var verkeleg fantastisk musikalsk, og det rant til slutt berre ut i dumskap.» Det dårlege forholdet mellom Bruce og Baker vart verre av den stadige turneringa, og Clapton vart tvungen til å mekle mellom dei.

Clapton hadde òg byrja å spele med det tidlegare backingbandet til Bob Dylan, kjend som The Band, og debutalbumet deira Music from Big Pink,[3] som vart eit friskt pust innimellom all røykelse og psykedelia som hadde prega Cream. I tillegg hadde han lese ein skarp kritikk av Cream i Rolling Stone, eit musikkmagasinet han beundra stort, der kritikaren Jon Landau kalla han for «ein meister innan blues-klisjear».[3] Det var etter denne artikkelen at Clapton ønskte å slutte Cream og gå i ei anna musikalsk retning.

Byrjinga på avskjedsturneen deira den 4. oktober 1968 i Oakland, bestod nesten berre av songar frå Wheels of Fire.

Goodbye[endre | endre wikiteksten]

Cream vart til slutt overtydd om å lage eit siste album. På dette albumet, passande kalla Goodbye, vart spelt inn seint i1 968 og gjeven ut tidleg i 1969, etter at bandet var oppløyst. Det inneheld seks songar: tre konsertopptak frå ein konsert i The Forum i Los Angeles i California, den 19. oktober, og tre nye studioinnspelingar (den mest kjende, «Badge», var skriven av Clapton og George Harrison, som òg spelte rytmegitar som «L'Angelo Misterioso»). «I'm So Glad», som først kom ut som ei studioinnspeling på Fresh Cream, kom ut som eit konsertopptak på Goodbye. Det var den einaste songen som finst på både det første og det siste albumet deira.

Jack Bruce under ein konsert i 1972

Avskjedsturneen til Cream bestod av 22 konsertar på 19 stader i USA mellom 4. oktober og 4. november 1968 og to siste konsertar i Royal Albert Hall den 26. november 1968. Først var det planlagt eit nytt dobbeltalbum, som bestod av konsertopptak frå denne turneen samt nye studioinnspelingar, men eit enkelt album, Goodbye kom ut i staden med tre konsertopptak, og tre studioopptak, ein song kvar av kvart bandmedlem. Goodbye synte at bandet var profesjonelle og konsertopptaka på Goodbye leverer episke utgåver av «I'm So Glad», «Politician» og «Sitting on Top of the World». Konserten i The Forum den 19. oktober fanga nokre av dei mest intense framføringane til bandet. Den siste konserten i USA var Rhode Island Auditorium, 4. november 1968. Bandet kom på scenen seint, og på grunn av lokale restriksjonar, kunne dei berre spele to songar, «Spoonful» og «Toad». Piratopptak med god kvalitet finst av denne siste amerikanske konserten og inneheld ein over 20 minuttar lang versjon av «Spoonful».

Dei to Royal Albert Hall-konsertane vart filma for ein BBC-dokumentar og gjeven ut på video (og seinare DVD) som Farewell Concert. Begge konsertane var utselde og fekk meir merksemd enn nokon annan Cream-konsert, men framføringa deira vart rekna som dårlegare enn vanleg. Trass i eit særs energisk ekstranummer med «Sunshine of Your Love», sa Baker sjølv om konsertane: «Det var ikkje ein god konsert ... Cream var betre enn dette...vi visste at det var over. Vi visste at vi avslutta det og kom oss vidare.» I eit intervju med Cream: Classic Artists sa Ginger Baker sjølv at han var samd i at bandet vart dårlegare for kvart minutt som gjekk.[30]

Oppvarmingsband for Cream var Taste (med ein ung Rory Gallagher) og det nydanna bandet Yes, som fekk gode meldingar. Tre konsertar tidleg på turneen hadde Deep Purple som oppvarming.[31]

Oppløysinga[endre | endre wikiteksten]

Frå dei vart danna hadde Cream eit grunnleggande problem som førte til at dei vart oppløyste i november 1968. Rivaliseringa mellom Bruce og Baker skapte spaningar i bandet. Clapton følte òg at medlemane i bandet ikkje høyrte godt nok etter på kvarandre. Utstyret i dei dagane hadde byrja å bli betre; nye Marshall-forsterkarar gav langt høgare lyd, og Jack Bruce pressa volumet stadig høgare, noko som skapte irritasjon for Baker som hadde problem med å konkurrere med den høge lyden. Clapton snakka om ein konsert der han stoppa å spele og verken Baker eller Bruce merka det.[16] Clapton har `go sagt at dei seinare konsertane til Cream stort sett bestod av bandmedlemanne som prøvde å vise seg fram.[32] Cream valte å gå kvar sin veg i mai 1968 under ein turne i USA.[33] Seinare i juli, kom det ei offisiell pressemelding om at bandet skulle oppløysast etter ein avskjedsturne i USA og to konsertar i London. Cream avslutta turneen i USA den 4. november i Rhode Island og spelte i Storbritannia for siste gong i London den 25. og 26. november.[33]

Etter Cream[endre | endre wikiteksten]

Blind Faith vart danna like etter Cream var oppløyst, etter eit forsøk frå Clapton på å rekruttere Steve Winwood med i bandet i håp om at det skulle fungere som ein buffer mellom Bruce og Baker. Inspirert av meir song-baserte band, gjekk Clapton vidare med ein heilt anna, langt mindre improvisasjonsbaserte songar med Delaney & Bonnie, Derek and the Dominos og hans eigen lange og varierte solokarriere.

Brice starta ein solokarriere i 1969 med Songs for a Tailor, medan Baker danna eit jazz-fusionband ut av restane av Blind Faith kalla Ginger Baker's Air Force, som bestod av Winwood, Blind Faith-bassist Rick Grech, Graham Bond på saksofon og gitarist Denny Laine frå Moody Blues og (seinare) Wings.

Gjenforeiningar[endre | endre wikiteksten]

I 1993 vart Cream innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og spelte på seremonien.[34] Det gjekk rykte om ein gjenforeiningsturne, men det vart ikkje noko av. Utover 90-åra spelte Bruce og Baker i lag i BBM med den irske bluesrockgitaristen Gary Moore.

Cream spelte fire konsertar tidleg i mai 2005 i Royal Albert Hall i London, der dei spelte sine siste konsertar i 1968. Dette vart følgd opp av tre konsertar i Madison Square Garden i New York City i oktober 2005. I februar 2006 fekk Cream Grammy sin ærespris for bidraga deira til moderne musikk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Unterberger, Richie. «Cream: Biography» (på en). Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p3983. Henta 12. mars 2011. 
  2. «Cream - the Band» (på en). BBC. 20. september 2000. http://www.bbc.co.uk/dna/h2g2/A425774. Henta 12. mars 2011. 
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 Cream: Classic Artists. [DVD]. Image Entertainment. 2007. 
  4. Musicradar.com
  5. CNN.com
  6. Whereseric.com
  7. [1]
  8. 8,0 8,1 8,2 «Cream: Biography: Rolling Stone». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/cream/biography. Henta 12. mars 2011. 
  9. "Badge" search results. http://www.everyhit.com. Henta 12. mars 2011.
  10. «allmusic (((Rush > Overview)))». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p5323. Henta 12. mars 2011. 
  11. «allmusic (((Black Sabbath > Overview)))». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p3693. Henta 12. mars 2011. 
  12. «VH1's 100 Greatest Artists of Hard Rock (20-1)» (på en). VH1. 2000. http://www.vh1.com/shows/dyn/the_greatest/62188/episode_wildcard.jhtml?wildcard=/shows/dynamic/includes/wildcards/the_greatest/hardrock_list_full.jhtml&event_id=862769&start=81. Henta 26 June 2008. 
  13. «Where's Eric Website: Nickname». Arkivert frå originalen den 12. mars 2011. http://web.archive.org/web/20070126080239/http://www.whereseric.com/ecfaq/biography-ecs-life-career/clapton-is-god-graffiti-nickname.html. Henta 17. februar 2007. 
  14. 14,0 14,1 McDermott, John (November 1997), «Strange Brew», Gitar World magazine 
  15. Clapton, Eric (2007). Clapton: The Autobiography. New York, United States: Broadway Books. ss. g. 74. ISBN 978-0-385-51851-2. 
  16. 16,0 16,1 16,2 White, Dave. «Cream» (på en). about.com. http://classicrock.about.com/od/bandsandartists/p/Cream.htm. Henta 12. mars 2011. 
  17. 17,0 17,1 Clapton, Eric (2007). Clapton: The Autobiography. United States: Broadway Books. ss. s. 77. ISBN 978-0-385-51851-2. 
  18. Ertegün, Ahmet. (2006). Classic Albums: Cream - Disraeli Gears. [DVD]. Eagle Rock Entertainment. 
  19. Cream (1966). Fresh Cream
  20. Cream (1967). Disraeli Gears
  21. Cream (1968). Wheels of Fire
  22. Cream (1969). Goodbye (1969)
  23. Pattingale, Graeme (17 January 1999). «Fresh Cream» (på en). http://twtd.bluemountains.net.au/cream/fresh.htm. Henta 12. mars 2011. 
  24. GP Flashback : Cream, June 1967 - Guitar Player Article - June 1967
  25. Pattingale, Graeme (19. november 1998). «Disraeli Gears» (på en). http://twtd.bluemountains.net.au/cream/disraeli.htm. Henta 12. mars 2011. 
  26. «Greatest Rock Guitar Solos (Live)». DigitalDreamDoor.com. http://digitaldreamdoor.nutsie.com/pages/best_guitararolo.html. Henta 12. mars 2011. 
  27. «The 25 Coolest Guitar Solos». Rolling Stone. 6. august 2007. http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2007/08/06/the-25-coolest-guitar-solos/. Henta 12. mars 2011. 
  28. «The 100 Greatest Guitar Solos». Guitar World Magazine. http://gyitar.about.com/library/bl100greatest.htm. Henta 12. mars 2011. 
  29. «Greatest 'Live' Rock Drum Performances». DigitalDreamDoor.com. http://digitaldreamdoor.nutsie.com/pages/best_drumperf.html. Henta 28 October 2008. 
  30. Pattingale, Graeme (2002). «A Guide to the Bootlegs» (på en). http://twtd.bluemountains.net.au/cream/bootlegguide.htm. Henta 30 June 2008. 
  31. Smoke on the Water: The Deep Purple ... - Google Books. Books.google.com. 2004. ISBN 9781550226188. 
  32. Clapton, Eric (8 October 2007). «Eric Clapton Chronicles Music, Addiction and Romance in New Book» (på en). Clapton: The Autobiography. spinner.com. Arkivert frå originalen den 10 September 2012. http://archive.is/fEth. Henta 12. mars 2011. 
  33. 33,0 33,1 Welch, Chris (4 August 2005). «The Farewell» (på en). http://www.cream2005.com/theband_farewell.lasso. Henta 12. mars 2011. 
  34. «Cream» (på en). Rock and Roll Hall of Fame. http://www.rockhall.com/inductee/cream. Henta 12. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Cream