Cree-montagnais-naskapi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politisk kart over Canada

Cree-montagnais-naskapi (også omtalt som cree) er ei kjede av algonkinske dialektar eller nærskylde språk som blir tala av 117 410 menneske i Canada[1] og 100 i Montana i USA. Ein skil mellom ni ulike dialektar eller språk (grannespråka er innbyrdes forståelege, men har ulik ortografi, mellom språka heilt i aust og vest er det problem å forstå kvarandre):

Dialekt Blir tala i
Prærie-cree (engelsk Plains Cree) British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Northwest Territories, Montana
Skog-cree (engelsk Woods Cree) Saskatchewan, Manitoba
Myr-cree (engelsk Swampy Cree) Saskatchewan, Manitoba, Ontario
Elg-cree (engelsk Moose Cree) Ontario
Nordleg aust-cree (engelsk Northerm East Cree) Quebec
Sørleg aust-cree (engelsk Southern East Cree) Quebec
Naskapi (engelsk Naskapi) Quebec
Atikamekw (engelsk Atikamekw) Quebec
Innu eller Montagnais Quebec, Newfoundland

Viktige dialektskilnader[endre | endre wikiteksten]

Det er vanleg å skilje dei ni dialektane frå kvarandre på grunnlag av utviklinga av proto-algonkinsk *r (Leonard Bloomfields *l); merk at skog-cree stort sett har ð, bortsett frå eit område lengst vest i Saskatchewan, som har r:[2][3][4]

Dialekt Utviklinga av
proto-algonkinsk *r
Ord for innfødd
Prærie-cree (engelsk Plains Cree) y iyiniw
Skog-cree (engelsk Woods Cree) ð / θ iðiniw/ithiniw
Myr-cree (engelsk Swampy Cree) n ininiw
Elg-cree (engelsk Moose Cree) l iliniw
Nordleg aust-cree (engelsk Northerm East Cree) y īyiyiw
Sørleg aust-cree (engelsk Southern East Cree) y īyiyū
Naskapi (engelsk Naskapi) y iyyū
Atikamekw (engelsk Atikamekw) r iriniw
Vest-montagnais (engelsk Western Montagnais) l īlnu
Aust-montagnais (engelsk Eastern Montagnais) n innu

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics Canada. 2006 Census. Various languages spoken, arkivert frå originalen 16. oktober 2013, henta 4. juli 2009 
  2. S. 8–10 i: H. Christoph Wolfart 1973. Plains Cree: A grammatical study. (Transactions of the American Philosophical Society. New Series–Vol. 63, Part 5.) Philadelphia: The American Philosophical Society.
  3. S. xx–xxii i: C. Douglas Ellis 2000. Ê-ililîmonâniwahk. Spoken Cree. West Coast of James Bay. Vol. 1, Level I. Edmonton: The University of Alberta Press.
  4. Jf. artikkelen Cree language på engelsk Wikipedia.