Creedence Clearwater Revival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Creedence Clearwater Revival
Opphav USA
Sjanger Swamp-rock
Roots-rock
Rock ’n’ roll
Country
Country-rock
Aktive år 19671972
Plateselskap Fantasy
Nettside www.creedence-online.net
Siste medlemmer
John Fogerty
Tom Fogerty
Stu Cook
Doug Clifford

Creedence Clearwater Revival var ei USA-amerikansk rockegruppe som vart grunnlagd i 1967. Gruppa bestod av brørne Tom Fogerty og John Fogerty, begge på gitar og song, Stu Cook på bassgitar og Doug Clifford på trommer. Gjennom dei fem åra gruppa var i aktivitet, gav ho ut mange store hitar. Fleire av songane vert rekna for klassikarar. John Fogerty var gruppas musikalske kraft, og komponerte og skreiv mest alle melodiane og tekstane.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Læretid

Tre av bandmedlemane danna i 1959 ei gruppe som spela til dans og fest. Fjerdemann, Tom Fogerty, kom med litt seinare. Midt på 1960-talet fekk gruppa platekontrakt med Fantasy Records. Under namnet The Golliwogs gav gruppa ut sju britpop-inspirerte singlar utan å verte lagde merke til.

[endre] Stordomstid

Fantasy Records vart oppkjøpt av Saul Zaentz i 1967. Han tilbaud dei fire å spele inn og gje ut eit album (LP), om gruppa bytta namn. Under det nye namnet, Creedence Clearwater Revival, vende gruppa tilbake til ein bluesrock-prega musikkstil. I 1968 slo gruppa gjennom med Suzie Q., ein rockabilly-låt av Dale Hawkins.

Gruppas første LP, Creedence Clearwater Revival, kom same året (1968) og vart ein storseljar. På gruppas tredje LP, Green River, som kom i 1969, fanst to hitar. Både tittelsporet, men endå meir Bad Moon Rising vart svært populære. Tre månader seinare, også i 1969, kom ein ny LP, Willy and the Poor Boys med hiten Down on the Corner.

Tidleg i 1970 kom LP-en som mange kritikarar i ettertid reknar som gruppas musikalske høgdepunkt. Cosmo’s Factory nådde heilt til topps på salslistene i USA. På denne denne plata finst låtar som som Up Around the Bend, Lookin’ Out My Back Door, Long As I Can See the Light og I Heard It Through the Grapevine.

[endre] Oppløysing

John Fogerty sin dominans vart etter kvart vanskeleg for dei andre musikantane i bandet. Tom Fogerty forlet gruppa i 1971 for å satse på eige musikkmateriale. John Fogerty tvinga dei resterande bandmedlemane til å lage kvar sin del av låtane til den nye LP-en Mardi Gras, som kom i 1972. Albumet vart lite påakta, og Creedence Clearwater Revival vart oppløyst hausten 1972.

[endre] Musikkstil

Trass i at Creedence Clearwater Revival høyrde heime i California, var gruppa mest inspirert av swamp blues frå Louisiana-regionen. Noko som kjem til syne gjennom mange av songtitlane. Også Vietnam-krigen, som pågjekk under gruppas alle aktive år, ved gjentekne høve er tema i songtekstane. Ved sidan av bluesmusikken var Creedence Clearwater Revival påverka av tidleg, energisk rock ’n’ roll og utøvarar som Little Richard og Jerry Lee Lewis.

Mykje av gruppas særpreg låg i John Fogertys dominerande sologitar og gjenkjennelege songrøyst.

[endre] Diskografi

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk