Creedence Clearwater Revival av Creedence Clearwater Revival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Creedence Clearwater Revival
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Språk engelsk
Utgjeve 28. mai 1968
Innspelt Oktober 1967, januar og februar 1968
Studio Coast Recorders i San Francisco
Sjanger
Lengd 33:17
Selskap Fantasy
Produsent Saul Zaentz
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
Creedence Clearwater Revival Bayou Country
(1969)


Singlar frå Creedence Clearwater Revival
  1. «Porterville»/«Call It Pretending»
    Utgjeve: November 1967 (USA)
  2. «Suzie Q. (Part 1)»/«Suzie Q. (Part 2)»
    Utgjeve: 15. juni 1968 (USA)
  3. «I Put a Spell on You»/«Walk on the Water»
    Utgjeve: Oktober 1968 (USA)
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Rolling Stone(negativ) [2]

Creedence Clearwater Revival er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut 28. mai 1968.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bandet hadde spelt «Suzie Q» i fleire år som The Golliwogs tidlegare i 1960-åra, og gjeve ut fleire singlar utan å oppnå suksess, før denne songen vart ein hit. I 1967 kjøpte Saul Zaentz Fantasy Records og tilbaud bandet sjansen til å spele eit heilt album mot at dei endra namnet sitt. Dei hadde aldri heilt vore komfortable med 'The Golliwogs' uansett, dels fordi det hadde eit visst rasistisk preg, så dei gjekk med på namnebyte og kom opp med Creedence Clearwater Revival. I Hank Bordowitz-boka Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival fortalte bassisten Stu Cook «Fogerty, Cook, Clifford og Fogerty signerte ein publiseringsavtale med eit av selskapa til Fantasy der me gav opp opphavsrettane våre. Lennon og McCartney eigde aldri opphavsrettane til sine songar heller. Når du er på botnen så gjer du den beste avtalen du kan få til der og då.»[3] John Fogerty tok det kunstnariske ansvaret i gruppa, og skreiv alle dei fjorten hitsinglane deira og tok rolla som frontmann, songar, gitarist, produsent og arrangør på nesten alt dei gjorde på dei sju studioalbuma sine.

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

«Porterville», som var den siste singelen bandet gav ut under namnet The Golliwogs i november 1967[3] kom med på debutalbumet deira og synte det gryande låtskrivartalentet til John Fogerty. Songen vart eit slags gjennombrot for Fogerty som sa til Tom Pinnock i Uncut i 2012 «Han er delvis sjølvbiografisk. Eg er så vidt innom far min, men det er elles ei fantasiflukt. Og eg kjende det då eg laga han at 'Eg trur eg har noko her'. Alt endra seg etter det. Eg gav opp å skrive treige kjærleikssongar om ting eg ikkje visste noko om, og prøvde å skape historiar.» Albumet inneheld òg den einast songen deira på eit album som er skriven av John i lag med broren Tom Fogerty (som opphavleg hadde vore frontmann i gruppa): den illevarslande «Walk on the Water». Songen var alt gjeve ut i 1966 med The Golliwogs. Albumet inneheld tre andre originale Fogerty-songar: «The Working Man», «Get Down Woman» og «Gloomy».

Ein av dei meir kjende songane på Creedence Clearwater Revival er den første hitsingelen deira, «Suzie Q», som hadde vore ein hit for Dale Hawkins i 1957. Han kom ut på singel, der instrumentalpartiet tonar ut på side A og held fram på side B. Fogerty sa i eit intervju i 1993 med Rolling Stone at føremålet hans med å spele inn «Suzie Q» var å få songen spelt på KMPX, ein funky progressiv-rocke-radiostasjon i San Francisco, som er årsaka til at songen er forlenga til åtte minuttar. «'Suzie Q' var designa til å passe inn,» forklarte han. «Det åtte minuttar opuset. Feedback. Som Paul Butterfield Blues Band sin 'East-West'. Og særskild den vesle effekten, den vesle telefonboks-vokalen i midten, som er det einaste eg angrar på no. Det høyrest berre rart ut. Men, det fungerte!» Fogerty forklarte vidare til Larry King i 1999: «Me spelte inn ein gammal Dale Hawkins-song, men gjorde han meir psykedelisk for å få han spelt på ein lokal undergrunns-radiostasjon i San Francisco.» Gitaristen på den originale Hawkins-versjonen, James Burton, var òg ei stod inspirasjonskjelde for Fogerty. Trommeslagaren Doug Clifford sa til Jeb Wright på nettsida Classic Rock Revisited at han òg prøvde å eksperimentere med melodien, og sa «'Susie Q' var ein rockabillysong som høyrdest ut som alle andre rockabillysongar. Eg kom opp med ein kvartnote-idé og gjev han hardare side med meir rom og ei total anna kjensle...» Creedence-versjonen nådde 11. plassen på den amerikanske singellista. I 2012 skreiv David Cavanagh i Uncut: «For all skepsisen hans til lange soloar, strakk Fogerty seg langt ut medan rytmetrioen i Creedens la ned ein strålande, langsam boogie.»

Den andre kjende coversongen på albumet var Screamin' Jay Hawkins sin «I Put a Spell on You». Denne kom naturleg for Fogerty, som hadde sin eigen maniske vokal på liknande måte som den kraftfulle syngjestilen til Hawkins. Han vart gjeven ut som ein oppfølgjar til «Suzie Q» i oktober 1968 med «Walk on the Water» som B-sida, og nådde 58. plassen på sinellista i USA.

Albumet vart ommastra og kom ut på 180-grams vinyl på Analogue Productions i 2006.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om bandet gjekk inn på salslista med albumet, fekk dei i starten ikkje mykje respekt frå kritikarane.[4] Barry Gifford skreiv i Rolling Stone på denne tida: «Det einaste lyspunktet i gruppa er John Fogerty, som speler sologitar og syng. Han er betre enn ein gjennomsnittleg vokalist (verkeleg truverdig på Wilson Pickett sin «Ninety-Nine and a Half»), og ein interssant gitarist. Men det er ikkje noko anna her. Tromminga er monoton, basslinje er repeterande og rytmegitaren er så vidt mogeleg å høyre.» Med tida har kritikarar sett på albumet i eit betre lys, sjølv om somme kritikarar meiner at låtskrivinga til Fogerty ikkje var komen ut i full blomst enno, slik det kom til å bli på den neste albuma og singlane.

AllMusic gav albumet fire av fem stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv: «Albumet kom ut sommaren 1968 - året etter Summer of Love, men likevel midt i tjukkaste Age of Aquarius - og det sjølvoppkalla debutalbumet til Creedence Clearwater Revival er herleg i utakt med tida, og er full av fascinasjonen til John Fogerty for americana.» Han skreiv òg at albumet «peiker fram mot gjennombrotet på Bayou Country, med «Porterville» som «ein eksepsjonell song med flotte knaggar, ei underliggande trugande kjensle, og den første aninga om eit arbeidarklasseraseri som ein finn på 'Fortunate Son.'»[1]

Albumet selde til gullplate i USA den 16. desember 1970, så platinaplate tjue år seinare i 1990.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av John Fogerty, utanom der andre er nemnde. Alle songar spelte inn i februar 1968, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Put a Spell on You»Screamin' Jay Hawkins4:33
2.«The Working Man» 3:04
3.«Suzie Q» (innspelt 19. januar 1968)Dale Hawkins, Eleanor Broadwater, Stanley Lewis8:37
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Ninety-Nine and a Half (Won't Do)»Steve Cropper, Eddie Floyd, Wilson Pickett3:39
2.«Get Down Woman» 3:09
3.«Porterville» (innspelt oktober 1967, først gjeven ut på singel i november 1967 under namnet The Golliwogs) 2:24
4.«Gloomy» 3:51
5.«Walk on the Water» (nyinnspeling av singel frå 1966)J. Fogerty, Tom Fogerty4:40
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
9.«Call It Pretending» (B-side til «Porterville»)2:09
10.«Before You Accuse Me» (unytta opptak frå 1968)3:24
11.«Ninety-Nine and a Half Won't Do» (konsertopptak frå The Fillmore i San Francisco, 14. mars 1969)3:47
12.«Suzie Q» (konsertopptak frå The Fillmore i San Francisco, 14. mars 1969)11:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[6][7]
Produksjon
  • Produsent: Saul Zaentz
  • Lydteknikar: Walt Payne
  • Oversyn med mastering: Tamaki Beck
  • Mastering: Kevin Gray, Steve Hoffman, Shigeo Miyamoto
  • Notat i omslaget: Ralph J. Gleason, Ben Fong-Torres (CD release)
  • Design: Laurie Clifford

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
US Pop Albums 52

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
US Hot 100
Juni
1968
«Suzie Q (Part One)»/
«Suzie Q (Part Two)»
11
Oktober
1968
«I Put a Spell on You»/
«Walk on the Water»
58

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Sal
USA Platina 1 000 000+

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Review «Creedence Clearwater Revival»». AllMusic. Henta 16. september 2020. 
  2. Gifford, Barry (20. juli 1968). «Rolling Stone review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. desember 2013. Henta 16. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 Bordowitz 1998.
  4. Creedence Clearwater Revival Album, 40th Anniversary Edition, Fantasy records, liner notes.
  5. «American album salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Creedence Clearwater Revival». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  6. Hank Bordowitz (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago, Illinois: Chicago Review Press, Incorporated. p. 45. ISBN 978-1-55652-661-9.
  7. Fogerty, J, 2015. Fortunate Son: My Life, My Music. 1st ed. U.K.: Hachette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]