Cribinau

Koordinatar: 53°11′05″N 4°29′36″W / 53.18477°N 4.49324°W / 53.18477; -4.49324
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cribinau og kyrkja i havet

Cribinau er ei lita tidvassøy utanfor sørvestkysten av øya Anglesey i Wales mellom Porth China og Porth Cwyfan. Den næraste landsbyen er Aberffraw. Øya, som ein kan nå til fots ved lågvatn, er kjend for St. Cwyfan-kyrkja på toppen av øya frå 1200-talet. Kyrkja vert lokalt kalla eglwys bach y mor («kyrkja i havet») eller berre Cwyfan. Kyrkja er i bruk og er ein populær stad for dåp og bryllaup.

På kart frå 1600-talet kan ein sjå at kyrkja står på fastlandet til Anglesey, men erosjon frå sjøen har sidan gjort kyrkja om til ei øy. For å hindre at kyrkja fell i sjøen, er det bygt ein mur rundt kyrkja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

53°11′05″N 4°29′36″W / 53.18477°N 4.49324°W / 53.18477; -4.49324