Cristina Fernández de Kirchner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cristina Fernández de Kirchner i 2008.

Cristina Elisabet Fernández de Kirchner (fødd 19. februar 1953) har vore president i Argentina frå desember 2007. Ho overtok presidentskapen etter ektemannen, Néstor Kirchner som hadde fireårsperioden før henne, og ho vart gjenvald i oktober 2011.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Cristina Fernández de Kirchner er oppvaksen i Buenos Aires. Ho er utdanna jurist og har vore politisk aktiv for peronistpartiet sidan 1970-åra. I 1995 vart ho fyrste gongen medlem av senatet, og frå 1997-2001 fekk ho eit sete i nasjonalforsamlinga. Då Néstor Kirchner vart president i 2003, vart ho som presidentfrue presidentens næraste rådgjevar, og fekk fleire framståande stillingar. Under presidentvalet i 2007 vann ho fyrste omgang med 44,7 % av røystene, meir enn 10 % meir enn nærmaste motstandar. Då Néstor Kirchner døydde i 2010, aukte oppslutninga om den sitjande presidenten. I 2011 vann ho gjenvalet med eit endå større forsprang på motstandarane enn i 2007. [1] Som president har Cristina Fernández de Kirchner vidareført den økonomiske politikken til ektemannen, som hjelpte landet gjennom finanskrisa. [2]

Strid om Falklandsøyane[endre | endre wikiteksten]

Presidenten har også hevda argentinsk suverenitet over dei britiske Falklandsøyane som ligg utanfor den argentinske kysten. Argentina hevdar at øyane vart tekne frå Argentina med makt i 1833. Britane går i mot denne versjonen av historia og meiner øyane retteleg tilhøyrer Storbritannia. [3] Falklendarane sjølve røysta i mars 2013 over om dei ville tilhøyre Argentina eller Storbritannia, og overveldande 99 % røysta Storbritannia. Cristina Fernández de Kirchner har no skrive eit ope brev til den argentinske nyutnemnde pave Frans I og bede han mekla i konflikten. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]



Fotnotar[endre | endre wikiteksten]