Crno

Koordinatar: 43°08′36″N 19°05′15″E / 43.14333°N 19.08750°E / 43.14333; 19.08750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Crno
innsjø
Crno med fjelltoppen Međed i bakgrunnen
Land  Montenegro
Innsjøtype Bresjø
Høgd over havet 1416 moh.
Lengd 0,870 km
Breidd 0,261 km
Areal 0,515 km²
Største djupn 49,1 m
Koordinatar 43°08′36″N 19°05′15″E / 43.14333°N 19.08750°E / 43.14333; 19.08750
Kart
Crno
43°08′36″N 19°05′15″E / 43.143333333333°N 19.0875°E / 43.143333333333; 19.0875
Wikimedia Commons: Crno jezero

Crno (serbisk Crno jezero) er ein innsjø i Žabljak kommune nord i Montenegro. Han er ein bresjø ved fjellet Durmitor i ei høgd på 1 416 meter over havet og ligg 3 km frå byen Žabljak.

Crno ligg ved foten av fjelltoppen Međed og dekkjer eit areal på 0,515 km². Innsjøen består eigentleg av to mindre vatn, Veliko jezero og Malo jezero, «Storevatnet» og «Litlevatnet» Innsjøane er forbunde til kvarandre via eit smalt sund, men dette tørkar opp om sommaren slik at dei faktisk dannar to separate innsjøar.

Den største av dei to dekkjer eit areal på 0,338 km² og har eit maksimalt djup 24,5 meter, ei lengd på 855 meter og ei breidde på 615 meter. Den minste av dei to dekkjer eit areal på 0,177 km², eit største djup på 49,1 meter, ei lengd på 605 meter og ei breidde på om lag 400 meter.

Lengda til heile Crno er 1 155 meter. Sidan den mindre sjøen er djupare har han faktisk større volum. Fleire små fjellelvar renn ut i Crno, og den største av desse er Mlinski. Dei andre elvane er berre periodiske, i samband med snøsmelting frå Durmitor og har ikkje noko namn.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Crno er den største turistattraksjonen i Durmitor-området. Av 18 bresjøar rundt fjellet er dette den mest kjende og den som er lettast å nå, sidan han ligg i gåavstand frå sentrum av byen Žabljak.

Det går ein 3,5 km lang gangsti rundt heile innsjøen, som er ein populær rekreasjonsstad. Fleire fjellstiar går vidare til dei mindre sjøane rundt Žabljak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]