Croagh Patrick

Koordinatar: 53°45′36″N 9°39′34″W / 53.760047°N 9.659536°W / 53.760047; -9.659536
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Croagh Patrick
fjell
Land  Irland
Område Mayo
Fjellkjede Twelve Bens
Høgd 764 moh.
Primærfaktor 640 m
Koordinatar 53°45′36″N 9°39′34″W / 53.760047°N 9.659536°W / 53.760047; -9.659536
Kart
Croagh Patrick
53°45′34″N 9°39′30″W / 53.7595°N 9.6584°W / 53.7595; -9.6584
Wikimedia Commons: Croagh Patrick

Croagh Patrick er eit fjell i County Mayo i Republikken Irland. Fjellet er 764 meter høgt og er ein viktig pilegrimsstad. Det ligg 8 km frå Westport ovanfor landsbyane Murrisk og Lecanvey. Den siste søndagen i juli kvart år klatrar over 25 000 pilegrimar til toppen av fjellet, mange av dei berrføtt. Fjellet dannar den sørlege delen av ein udal danna av ein isbre ut mot Clew Bay under den siste istida. Croagh Patrick er ein del av ein lengre aust-vest-orientert rygg. I vest ligg fjellet Ben Goram. Croagh Patrick har fått namnet sitt frå det irske Cruach Phádraig (St. Patrick-fjellet). I Ulster-annalane vert fjellet omtalt som Cruachán Aigle (Ørnefjellet) i 1113.

Ein fløts med gull vart oppdaga på fjellet i 1980-åra, om lag 14 gram per tonn i minst 12 kvartsårer. Dette kunne gjeve om lag 700 000 tonn med gullmalm. Lokale styresmakter valde derimot å ikkje grave det ut og avgjorde at gullet «låg fint der det låg».

Pilegrimsstaden[endre | endre wikiteksten]

Croagh Patrick har vore ein pilegrimsstad sidan før kristendomen kom til Irland, kanskje til og med før keltarane kom her. I dag er fjellet kalla opp etter St. Patrick, som visstnok fasta på toppen i førti dagar på 400-talet og bygde ei kyrkje der. Det vert sagt at etter fasta skal han ha kasta kyrkjeklokka ned fjellsida og forvist alle slangar og ormar frå Irland.

I moderne tider vart det bygd eit lite kapell på toppen og innvia den 20. juli 1905.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Morahan, Leo (2001). Croagh Patrick, Co. Mayo: archaeology, landscape and people. Westport: Croagh Patrick Archaeological Committee. ISBN 0-9536086-3-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]