Crosby, Stills & Nash av Crosby, Stills & Nash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crosby, Stills & Nash
Studioalbum av Crosby, Stills & Nash
Utgjeve 29. mai 1969
Innspelt 26. juni 1968 - 3. april 1969 i Wally Heider's Studio III i Los Angeles
Sjanger Rock
Folkrock
Lengd 40:52
Selskap Atlantic
Produsent Bill Halverson
David Crosby
Graham Nash
Stephen Stills
Kritikk
Crosby, Stills & Nash-kronologi
Crosby, Stills & Nash Déjà Vu
(1970)

Crosby, Stills & Nash er det sjølvoppkalla debutalbumet til Crosby, Stills & Nash i 1969 på Atlantic Records. Det gav to hittar på Topp 40, «Marrakesh Express» (28. plass) og «Suite: Judy Blue Eyes» (21. plass). Sjølve albumet klatra til sjetteplassen på Billboard-lista.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet var ein særs sterk debut for bandet, og dei vart umiddelbart stjerner. I lag med The Byrds sitt Sweetheart of the Rodeo og The Band sitt Music From Big Pink frå året før, var det med på å endre popmusikken bort frå sekstitalsestetikken der band spelte bluesbasert rockemusikk på høglydte gitarar. Crosby, Stills & Nash presenterte røtene til rock, med folk, blues og til og med jazz på ein ny måte og det klarte dei utan å høyrast ut som ei etterlikning. Dei blanda ikkje berre stemmene sine til utsøkte vokalharmoniar, men blanda òg styrkane til kvar enkelt av dei: Crosby med samfunnskommentarane og dei atmosfæriske stykka sine, Stills var dyktig på mange forskjellige musikkstilar der han umerkeleg la folk- og countryelement inn i kompliserte rockstrukturar, og Nash med sine radiovennlege popmelodiar. Til saman vart resultatet noko som gav brei appell. Albumet selde etter kvart til fleire gonger platina og i tillegg dei tidlegare nemnde singlane finn ein òg andre av dei mest kjende songane til bandet, som «Wooden Ships» og «Helplessly Hoping». «Suite: Judy Blue Eyes» vart skriven for Judy Collins og «Long Time Gone» var eit svar til mordet på Robert F. Kennedy.

Albumet fekk stor innverknad på mange nivå i popmiljøet i Amerika utover i 1970-åra. Suksessen til albumet gjorde at plateselskapa ønskte å signere avtalar med liknande artistar, og mange av desse kom inn under dei same managerane som CSN, Elliot Roberts og David Geffen. Dei høge salstala og dei personlege tekstane til bandet bana veg for mange låtskrivarar tidleg på 70-talet. Måten dei nytta personlege tekstar på utan å nytte det som påskot, dei gode vokalharmoniane, det omhyggelege arbeidet deira i studio, samt kulturen kring Laurel Canyon som låg kring gruppa, grunnla ein estetikk for mange grupper og artistar seinare som kom til å definere «California»-stilen på 70-talet, som The Eagles, Jackson Browne, Fleetwood Mac etter 1974 og andre.

I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 259. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidenen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Suite: Judy Blue Eyes» (Stephen Stills) 7:25
2. «Marrakesh Express» (Graham Nash) 2:39
3. «Guinnevere» (David Crosby) 4:40
4. «You Don't Have to Cry» (Stills) 2:45
5. «Pre-Road Downs» (Nash) 3:01
Side to
# Tittel Lengd
6. «Wooden Ships» (Crosby, Stills, Paul Kantner [ikkje tilskriven]) 5:29
7. «Lady of the Island» (Nash) 2:39
8. «Helplessly Hoping» (Stills) 2:41
9. «Long Time Gone» (Crosby) 4:17
10. «49 Bye-Byes» (Stills) 5:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Crosby, Stills & Nash

Kjelder[endre | endre wikiteksten]