Cross Road Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cross Road Blues
Singel av Robert Johnson
B-side

«Ramblin' On My Mind»

Språk engelsk
Utgjeve 1937
Innspelt 27. november 1936 i San Antonio
Sjanger Blues
Lengd 2:41
Selskap Vokalion
Komponist Robert Johnson
Tekstforfattar Robert Johnson
Låtskrivar(ar) Robert Johnson

«Cross Road Blues» er ein song av Delta Blues-songaren Robert Johnson. Han vart gjeven ut på singel i 1937Vokalion Records. Originalversjonen var ute av opplag fram til han vart gjeven ut på The Complete Recordings i 1990. I 1961 byta produsent Frank Driggs ut singelutgåva med eit alternativt opptak, som ikkje tidlegare var gjeven ut, for albumet King of the Delta Blues Singers.[1] Sidan songen er historisk viktig er han innlemma i Grammy Hall of Fame i 1998.[2]

Tekst og tolking[endre | endre wikiteksten]

Teksten fortel om ein fyr som prøver å få haik frå eit vegkryss medan mørkret er i ferd med å senke seg. Songen er ofte knytt til soga om at Johnson selde sjela si til djevelen for å bli ein flink musikar, men det er ikkje noko i teksten som omhandlar dette.[3] Historikaren Leon Litwack og andre hevdar at songen referer til frykta som mange svarte følte om dei vart oppdaga ute aleine i mørkret, og at Johnson truleg song om det desperate ønske om å finne vegen heim frå ein ukjend stad så snart som råd, på grunn av frykt for å verte lynsja.[3][4] I tillegg kan teksten vise til portforbodet som svarte fekk i Sørstatane. Biletet av songaren som fell ned på kne og at han mislukkast i å finne ei «sweet woman» indikerer at songen òg omhandlar ei djupare og meir personleg einsemd.[5]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Cream[endre | endre wikiteksten]

Crossroads
Singel av Cream
frå albumet Wheels of Fire
B-side

«Passing the Time»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1969[6]
Innspelt 10. mars 1968 i Winterland Ballroom i San Francisco
Sjanger Jazzblues[7], hardrock
Lengd 4:14
Selskap Atco 8646[6]
Komponist Robert Johnson
Tekstforfattar Robert Johnson
Låtskrivar(ar) Robert Johnson, arr. Eric Clapton
Produsent Felix Pappalardi
Cream-kronologi 
«White Room»
(Januar 1969)
Crossroads "Badge"
(April 1969)


Den 10. mars 1968 spelte Cream inn eit konsertopptak av «Crossroads» under konserten deira i Winterland Ballroom i San Francisco. Versjonen var arrangert av gitarist Eric Clapton, og inneheld tekstlinjer lånt frå Johnson sin «Traveling Riverside Blues». Songen har eit åtte notar langt gitarriff.[7]

Versjonen til Cream vart plassert på 409. plass i 2004 på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. I 2008 vart han plassert på 3. plass på lista deira over dei største gitarsongane gjennom tidene. Han vart òg plassert på 10. plass på lista til Guitar World over dei 100 beste gitarsoloane.[8]

Ein coverversjon av denne versjone er sprlbar i videospelet Guitar Hero.

Clapton sin verneheim i Antigua heiter Crossroads Centre.[9]

Eric Clapton hadde tidlegare spelt songen i 1966 med bandet sitt Eric Clapton's Powerhouse, men i staden for eit gitarriff var hovudfokuset i den versjonen eit munnspel-riff spelt av Paul Jones.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar som har spelt songen er mellom andre:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sony Music Soundtrack for A Century: Folk, Gospel & Blues. Legacy Records J2K 65804, 1999. Liner notes, s. 35
  2. Grammy Hall of Fame
  3. 3,0 3,1 Cross Robert Johnson, mythmaking, and contemporary American culture av Patricia R. Schroeder s. 37 [1]
  4. Litwack, Leon F (1998). Trouble in Mind: Black Southerners in the Age of Jim Crow. New York: Vintage Books. s. 410–411. 
  5. Charlton, Katherine (2008). Rock Music Styles: A History. New York, NY: McGraw-Hill. s. 13. ISBN 978-0-07-312162-8. 
  6. 6,0 6,1 Strong, Martin Charles (2002). The great rock discography. The National Academies. s. 323. ISBN 9781841953120. 
  7. 7,0 7,1 Howard Mandel, red. (2005). The Billboard Illustrated Encyclopedia of Jazz & Blues. Billboard Books. s. 217. ISBN 0-8230-8266-0.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  8. http://www.guitarworld.com/article/100_greatest_guitar_solos_10_quotcrossroadquot_eric_clapton
  9. Clapton, Eric (2007). Clapton:The Autobiography (First utg.). Broadway Books. s. 265. ISBN 9780385518512.