Crosstown Traffic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crosstown Traffic
Singel av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Electric Ladyland
B-side «Gypsy Eyes»
Utgjeve 21. november 1968 (USA)
11. april (UK)
Innspelt Record Plant Studios i New York, juli 1967, desember 1967, januar 1968, april–august 1968
Sjanger Psykedelisk rock, hardrock
Lengd 2:26
Selskap Reprise Records, Track Records
Produsent Jimi Hendrix
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
«All Along the Watchtower»
(1968)
Crosstown Traffic «Stone Free»
(1969)

«Crosstown Traffic» er ein song skriven av Jimi Hendrix. Han var den andre singelen frå albumet Electric Ladyland av The Jimi Hendrix Experience i 1968. Han nådde 52. plass på den amerikanske singellista og 37. plass i Storbritannia.

I motsetnad til mange av songane på albumet inneheld denne songen alle medlemmane i the Experience med Hendrix, Noel Redding og Mitch Mitchell. Hendrix spelar òg ein heimelaga kazoo med kam- og papir, samstundes med sologitaren. Redding og Dave Mason syng korvokal.

Mange andre artistar har spela inn songen, som Gil Evans, Charlie Daniels, Hed s.E., Red Hot Chili Peppers, Living Colour, Ariya Astrobeat Arkestra og fleire andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]